Changemaker skuffa over manglande Israel-sanksjonar

Regjeringa gjer ikkje alt i si makt, meiner Changemaker-leiaren.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det er svært skuffande at stortingsfleirtalet ikkje vel å gje eit tydelegare signal til Israel om at dei må stanse deira pågåande folkerettslege krigsbrotsverk, samstundes som det skjer ein heilt umenneskeleg, humanitær katastrofe på Gaza, seier Marte Hansen Haugan, leiar i Changemaker, i ei pressemelding. 

Tysdag stemde Stortinget over fleire forslag om sanksjonar av Israel som følgje av krigføringa i Gaza.

Ingen av forslaga blei stemde fram. Noreg vil altså ikkje sanksjonere Israel.

Folkemord-etterforsking

Haugan trekker fram at Israel blir etterforska for folkemord av Den internasjonale domstolen (ICJ). Changemaker-leiaren meiner Noreg som ein del av folkemordkonvensjonen må gjere det vi kan for å hindre at vi bidreg til folkemord.

– Norske våpendelar kan ha blitt brukt av Israel i Gaza, og akkurat no gjer ikkje regjeringa alt i si makt for å sikre at Noreg ikkje bidreg til Israels folkerettslege krigsbrotsverk.

– Fullt mogleg

Forslaga Stortinget skulle ta stilling til handla om forbod av handel, investeringar og potensiell våpenhandel med Israel.

Oslo kommune har allereie vist at ein enkelt kan innføre forbod mot handel av varer og tenester frå ulovlege busetnader. Dette beviser at det er fullt mogleg å gjere det same nasjonalt, og her må regjeringa snu, seier Haugan.

Barth Eide: Kan skade arbeidet

Utanriksminister Espen Barth Eide. Foto: Cecilie Stuedal

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) har tidlegare sagt at han ikkje trur norske sanksjonar vil vere lurt eller avgjerande for Israel sine vurderingar.

– Det ville skade veldig mange av dei prosessane vi er djupt inne i, og som eg veit at palestinarane ønskjer at vi skal vere inne i, sa Barth Eide då Stortinget debatterte saka førre veke.