Kunsten å gå av – kven gjorde det best og dårlegast?

Det manglar ikkje på samfunnstoppar og politikarar som har måtta gå av dei siste åra. Men går det an å trekkje seg med stil og slik kunne gå vidare etter eit slikt fall?

NPK-Eli Strand
Publisert

Sist i rekkja over politikarar som måtte trekkje seg var statsråd for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch (Sp), som hadde plagiert store delar av masteroppgåva si frå 2014. Borch er i eit stort, om ikkje nødvendigvis godt, selskap. Dei siste åra har meir ein eit titals politikarar gått av etter uheldige saker.

Nynorsk Pressekontor har bede ein kulturredaktør og ein omdømmeekspert vurdere kven som har gjort det på ein best mogleg måte og kven som har takla det dårlegast.

Dei ti som har vore med i vurderinga er Sandra Borch (Sp), Anniken Huitfeldt (Ap), Ola Borten Moe (Sp), Bjørnar Moxnes (Raudt), Anette Trettebergstuen (Ap), Odd Roger Enoksen (Sp), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Trond Giske (Ap), Sylvi Listhaug (Frp) og Tor Mikkel Wara (Frp).

10 kjente avgangar

1. Sandra Borch (Sp) gjekk av som minister for høgare utdanning i januar 2024 etter at det viste seg at ho hadde plagiert store delar av masteroppgåva si.

2. Anniken Huitfeldt (Ap) gjekk av som utanriksminister i oktober 2023 etter at mannen hennar hadde gjennomført 100 aksjetransaksjonar frå ho blei utnemnd til utanriksminister.

3. Ola Borten Moe (Sp) gjekk av som minister for høgare utdanning i juli 2023 etter å ha kjøpt våpenaksjar og brote habilitetsreglane til regjeringa.

4. Bjørnar Moxnes (R) måtte trekkje seg som Raudt-leiar etter det mykje omtalte tjuveriet av eit par solbriller. Han er no tilbake som stortingspolitikar.

5. Anette Trettebergstuen (Ap) gjekk av som kulturminister i juni 2023 etter det ho sjølv kallar er alvorlege feil i handteringa av eigen habilitet. Det dreia seg om styreutnemningar til vener.

6. Odd Roger Enoksen (Sp) gjekk av som forsvarsminister i april 2022 etter at det blei kjent at han hadde hatt eit forhold til ei 18 år gammal kvinne medan han var minister.

7. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) gjekk av som partileiar og barne- og familieminister i september 2021 etter at han hadde registrert bustadadresse hos foreldra for at pendlarleilegheita hans i Oslo skulle bli skattefri.

8. Trond Giske (Ap) gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet i 2018 etter fleire varslingssaker mot han om seksuell trakassering. Giske er no på veg tilbake i politikken etter nyleg å ha blitt valt som nestleiar i Trondheim Arbeidarparti.

9. Tor Mikkel Wara (Frp) gjekk av som justisminister i mars 2019 etter at sambuaren hans blei sikta for blant anna å ha tent på Waras bil, for deretter å ha dikta opp at noko kriminelt hadde skjedd. Sambuaren blei seinare dømt.

10. Sylvi Listhaug (Frp) gjekk i mars 2018 av som justisminister etter at ho tidlegare hadde publisert eit Facebook-innlegg der ho skreiv at Arbeidarpartiet meiner at rettane til terroristar er viktigare enn sikkerheita til nasjonen. Partiet Raudt fremja eit mistillitsforslag, men det er ikkje klart om dette ville ha fått fleirtal. Listhaug heldt som kjent fram i politikken og er no leiar for Framstegspartiet.

Nokon må gå

Kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl, er ein av dei som har følgt dei politiske skandalane tett dei siste åra og har til og med laga podkasten «Nokon må gå».

– Den verste avgangen er det heilt klart Trond Giske som stod for. Den starta i 2018 og pågår framleis, seks år etter. Det er ikkje berre Giskes feil at det har blitt slik, men avgangen har lamma Arbeidarpartiet i lange tider, og Giske har gjort heller lite for å unngå at det skulle bli slik, seier Kihl.

Trond Giske gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet etter fleire varslingssaker om seksuell trakassering. Foto: Erlend Aas / NTB/NPK

Han meiner også at Arbeidarpartiet hadde den beste avgangen blant dei ti:

– Eg vil seie at avgangen til Anette Trettebergstuen var den beste på denne lista. Ho gjorde same type feil som Tonje Brenna, men i motsetnad til henne erkjente ho ansvaret sitt og gjekk av. Eg tippar vi kjem til å sjå Trettebergstuen i nye roller seinare, seier Jens Kihl.

Riktig handtert

Svein Tore Bergestuen er tidlegare journalist og driv no eit kommunikasjonsbyrå, der han blant anna hjelper folk med å nå ut med bodskapen sin i media. Han er raskt ute med å slå fast at Sandra Borch gjorde det einaste riktige då ho umiddelbart gjekk av etter at det blei kjent at ho hadde juksa.

– Ho gjorde det einaste rette, og ho gjorde det raskt. Det er riktig handtert, men ikkje unormalt godt, for alternativet er openbert verre. Hadde ho venta med å gå, hadde kritikken vakse raskt.

Likevel er det ikkje Borch han trekkjer fram som den beste avgangen. Den plassen har han gitt til ei som gjerne ville bli i jobben, men til slutt måtte gå av:

– Anniken Huitfeldt handterte krisa på ein god måte. Rett og slett fordi ho tok på seg skulda for noko som formelt var hennar feil, sjølv om mange nok tenkte at ho ikkje kunne noko for dette. Det var jo mannen som hadde gjort feil. Ho var likevel svært tydeleg på at dette var hennar ansvar, ikkje noko snikk snakk, og ho stod fram truverdig, seier omdømmeeksperten.

– Huitfeldts handtering gjer det mogleg for henne å kome tilbake i ein politisk posisjon eller andre framståande posisjonar.

– Kunne blitt sitjande

Den som kjem dårlegast ut etter avgangen sin, ifølgje Bergestuen, er Bjørnar Moxnes. Likevel synest han saka med den tidlegare Raudt-leiaren er vanskeleg fordi det dreiar seg om psykisk helse.

– Når det er sjukdom inne i biletet er det krevjande å sette seg til doms over handteringa. Men dersom det berre handla om dumskap, står handteringa til stryk. Dette er den klassiske varianten der den som har gjort feilen tilsynelatande prøver å skjule sanninga, eller bagatellisere det heile for å kome seg unna.

– Dette fører stort sett alltid til at ein blir driven frå skanse til skanse av presse og opposisjon. Så skjer det som då blir det uunngåelege – ein må gå av. Hadde han handtert det etter boka i utgangspunktet, hadde det vore mogleg å bli sitjande, seier Bergestuen.

Medierådgivaren har dette rådet til dei som er komne i ein vanskeleg situasjon.

– Ikkje fell for freistinga til å kjempe for ein posisjon som du likevel kjem til å måtte forlate. Då er det betre å satse på ei knallgod handtering for så å kome tilbake. Og svar på spørsmål frå pressa. Hugs at alt kjem for ein dag. Spesielt med dagens gjennomsiktige og teknologidrivne samfunn, seier Bergestuen.

– Ikkje verre enn før

Kulturredaktøren i Bergens Tidende meiner summen av avgangane på lista, og mange fleire, er at folk mistar tillit til politikarane.

– Her er det avgangar knytt til metoo og trakassering, pengerot og økonomisk vinning, politiske skandalar og mykje meir. Summen etablerer eit inntrykk hos veljarane av ein politikarklasse som lét det vere andre reglar for seg sjølve enn for resten av oss.

Odd-Roger Enoksen (Sp) måtte gå av som forsvarsminister etter at det blei kjent at han hadde hatt eit forhold til ei 18 år gammal kvinne medan han var minister. | Foto: Stian Lysberg Solum / NTB/NPK
Sylvi Listhaug gjekk av som justisminister etter eit mykje omtalt Facebook-innlegg. | Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB/NPK
KrF-leiar og barne- og likestillingsminister Kjell Ingolf Ropstad ute etter pressekonferansen der han fortalde at han går av som både statsråd og partileiar. I midten statssekretær Julie Kristine Kordahl. | Foto: Annika Byrde / NTB/NPK
Tor Mikkel Wara måtte gå av som justisminister i 2019. | Foto: Gorm Kallestad / NTB/NPK
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) trekte seg etter å ha handla våpenaksjar medan han var minister. | Foto: Javad Parsa / NTB/NPK

Jens Kihl meiner vi hadde ei meir servil presse før og at det er noko av grunnen til at vi no får fleire avgangar.

– Journalistane visste om både pengesnusk og metoo før òg, men var for lojale til å skrive om det. Det er nok å sjå tv-serien «Makta» for å ane korleis det var i tidlegare tider og skjøne at ting ikkje nødvendigvis var så mykje betre før, seier han.