Bjørnar Moxnes (R) går av som partileiar

Åshild Slåen
Publisert

Måndag 24. juli gav Bjørnar Moxnes beskjed om at han går av som partileiar i Raudt. Det skjer etter at han forsøkte å stele eit par solbriller på Gardemoen tidlegare i sommar.

– Eg tok dei solbrillene frå butikken på Gardermoen. Eg gjorde ein stor feil, og eg gjorde det mykje verre med måten eg handterte det vidare. Det er eg skikkeleg lei meg for, og det vil eg seie unnskyld for, skreiv han på Facebook-sida si.

Marie Sneve Martinussen, nestleiar i Raudt. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Det er Marie Sneve Martinussen som no har teke over som leiar i partiet. Ho har tidlegare vore nestleiar og sit på Stortinget.

– Eg har heile tida vore klar på at det å stele er ikkje riktig. Så har eg heller ikkje hatt heilt korrekt informasjon om saka heile vegen. Det er eg både sint og skuffa over, og det har eg gitt veldig direkte beskjed til Bjørnar om med eit rett fram språk, sa Martinussen på ein pressekonferanse.

Ho seier ho ikkje er bekymra for Raudt i kommunevalet i haust.


Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på 75-årsjubileet til Den internasjonale sommarskulen tidlegare i år. Han innrømmer å ha brote habilitetsreglane i regjeringa. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK