Ny stipendordning for utanlandske studentar frå hausten
Frå hausten gjeld ei ny stipendordning for utanlandske studentar i Noreg. Altfor få kan få stipend, meiner Norsk studentorganisasjon.
Inntil 200 studentar frå bestemde land i Afrika, Asia og Latin-Amerika kan søkje på stipendet fordelt over to år, skriv Khrono.
Ordninga blir innført etter at regjeringa innførte skulepengar for utanlandske studentar i fjor.
– 100 stipend i året er altfor lite. I 2022 vart 2500 studentar frå land utanfor EU/Sveits teke opp til masterstudium i Noreg. Desse stipenda som no blir lanserte, er eit veldig lite plaster på eit stort sår, seier leiar av Norsk studentorganisasjon Oline Sæther til NTB.
NORSTIP
Målsetjinga er å bidra til økonomisk utvikling og velferd i utvalde partnarland.
Studentane skal etter enda utdanning i Noreg returnere til heimlanda sine.
Målgruppa for NORSTIP-stipenda er tilsette og studentar ved samarbeidsinstitusjonar i land i Afrika, Asia og Latin-Amerika, i aldersgruppa 20-30 år, utan ein godkjent mastergrad frå tidlegare.
Det blir lagt opp til finansiering av inntil 200 studentar på toårige engelskspråklege masterprogram totalt, for begge opptaka hausten 2024 og 2025.
Det blir planlagt ei ny tildeling for opptaka hausten 2026 og 2027.
Utvalde partnarland er:
1. Angola 2. Bangladesh 3. Bolivia 4. Burkina Faso 5. Colombia 6. Cuba 7. Egypt 8. Etiopia 9. Ghana 10. Guatemala 11. Haiti 12. Indonesia 13. Kamerun 14. Kenya 15. Kongo, DR 16.Liberia 17. Madagaskar 18. Malawi 19. Mali 20. Mosambik 21. Myanmar 22. Nepal 23. Nicaragua 24. Niger 25. Pakistan 26. Palestina 27. Peru 28. Rwanda 29. Somalia 30. Sri Lanka 31. Sør-Sudan 32. Tanzania 33. Sudan 34. Vietnam 35. Uganda 36. Zimbabwe 37. Zambia 38. Aust-Timor.
Kjelde: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og khrono.no
Norsk stipendordning for studentar frå utvalde partnarland (Norstip) gjeld i 38 land. Ordninga er finansiert over Utanriksdepartementet.
Søkjarane må vere i alderen 20 til 30 år, og studentane må reise tilbake til heimlandet etter enda utdanning. Også dette er NSO svært kritiske til.