Vekas viktigaste: Mobilfri skule, medlemsjuks og kong Charles
Denne veka var det samefolkets dag. I tillegg prega kong Charles og Oddmund Hoel (Sp) nyheitsbiletet. | Foto: AP Photo/Kin Cheung, Thom Reijnders/Unsplash, regjeringa
Her er nokre av nyheitene som har prega mediebiletet den siste veka.
Tilrådinga gjeld både i grunnskulen og for vidaregåande. På barne- og ungdomsskulen meiner Udir at også friminutta bør vere utan mobil. Det vil vere mindre strengt på vidaregåande, men også her er tilrådinga at skuletimane skal vere fri for mobiltelefon.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) støttar Udir.
– Eg er heilt samd i tilrådinga frå direktoratet. Mobiltelefonen har ingen naturleg plass i norsk skulekvardag. Eg er trygg på at norske kommunar og fylkeskommunar følgjer nasjonale faglege tilrådingar, seier ho i ei pressemelding.
Elevorganisasjonen er på si side skuffa over tilrådinga.
– Vi stiller oss ganske negative til reglane, mykje av det er fordi ein ikkje anerkjenner danningsansvaret skulen har for mobilbruk og teknologi, seier leiar Petter Andreas Lona til NTB.
Utdanningsdirektoratet tilrår å fjerne mobilen frå klasserommet. | Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dei opplyser at det er starta behandling, og at kongen difor er blitt råda av legane til utsetje oppgåver i offentlegheita. Han vil likevel ta seg av nokre statlege ærend og offisielt papirarbeid som normalt.
Det er ikkje kjent kva type kreft det er snakk om, men kreften skal vere oppdaga på eit tidleg stadium. Kongen vart i slutten av januar prostata-operert. Det var i samband med behandlinga for dette at kreften vart oppdaga, men det skal ikkje vere prostatakreft han har fått.
Kongehusekspert Trond Norén Isaksen seier til Dagbladet at kong Charles er mykje meir open enn det kongehuset var då dronning Elizabeth II var monark.
I uttalen frå Buckingham Palace står det at kongen ønskjer å dele om sjukdommen for å hindre spekulasjonar og i håp om at det kan bidra til forståing for alle som råka av kreft i verda.
Britiske kong Charles III har fått kreft. | Foto: AP Photo/Kin Cheung, File
Fuskereglar vedteke i Stortinget
Tysdag stemte fleirtalet i Stortinget for den nye universitets- og høgskulelova. Her er blir det opna for at studentar i grove fusketilfelle kan bli utestengde i til saman to år. Til no har straffa for dette vore maks eitt år.
Den nye lova definerer likevel ikkje kva som er fusk på eksamen. Det vil vere opp til lærestadane sjølve å definere dette. Norsk studentorganisasjon (NSO) synest ikkje det er nok. Dei ønskte seg eit nasjonalt regelverk.
Talsperson for høgare utdanning og forsking i Arbeidarpartiet, Lise Selnes, seier at lærestadene i den nye lova blir oppmoda til å samordne seg på fuskereglar, og at ho vil invitere dei til dialog.
Fusk på eksamen har vore eit tema den siste tida. | Foto: Glenn Carstens-Peters/Unsplash
Australske styresmakter opplyser at Yang Hengjun (58), ein australsk forfattar som er fødd i Kina, har fått dødsdom i Kina. Yang er pro-demokrati-bloggar, og er skulda for spionasje. Yang har skildra seg sjølv om ein tidlegare tilsett i Kina sitt utanriksdepartement. Kina har ikkje sagt noko om kven han skal ha spionert for, ifølgje NTB.
Ifølgje nyheitsbyrået Reuters kjem dødsdommen fem år etter at forfattaren vart arrestert i Kina og tre år etter ei rettssak for lukka dører.
Den australske utanriksministeren fortel at regjeringa er skaka over at den australske statsborgaren er dømd til døden. Ho seier dødsstraffa kan bli gjort om til fengsel på livstid etter to år. Dei har kalla inn den kinesiske ambassadøren for å protestere mot dommen.
Dei siste åra har forholdet mellom Kina og Australia blitt litt varmare og statsminister Anthony Albanese besøkte Kina i fjor, som den første australske statsleiaren sidan 2016.
Yang Hengjun og kona Yuan Xiaoliang. Forfattaren er dømd til døden i Kina, men straffa kan bli gjort om til fengsel på livstid. | Foto: Chongyi Feng via AP, File
Hoel har erkjent at han var med på å rapportere inn for mange medlemmer for å få meir statsstøtte då han var ein del av leiinga i ungdomsorganisasjonen frå 1991 til 1994. Han seier det var ein utbreidd praksis på den tida i ungdomsorganisasjonar.
I 2003 vart fleire personar i målungdommen dømde til fengsel for medlemsjuks. Det som skjedde før 1998 vart rekna som forelda.
– Dette gjeld ei sak som var aktuell før dei fleste av dagens medlemmar vart fødde. Folk har sona straffa si og organisasjonen har betalt ned gjelda. Utover det har eg ingen kommentar, skriv dagens målungdomsleiar Tobias Christensen Eikeland til Framtida.no om Hoels medlemsjuks.
Oddmund Hoel (Sp) er statsråd for forsking og høgare utdanning. | Foto: regjeringa
Lyspunkt: Fleire elevar lærer samisk
Totalt har 2762 elevar i grunnskulen opplæring i nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk dette skuleåret.
Det er 216 fleire elevar enn førre skuleår, og ny rekord ifølgje ein gjennomgang som Framtidajunior.no har gjort av tala til Utdanningsdirektoratet.
– Det er denne utviklinga og politikken som Sametinget er for. Det er ein rett å få opplæring på samisk, og då er det ei stor glede at me ser ei slik utvikling, seier sametingsråd for utdanning og språk, Mikkel Eskil Mikkelsen til Framtidajunior.no.
Det samiske flagget. | Foto: Thom Reijnders / Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.