Rekordmange elevar får opplæring på samisk

– Stor glede at me ser ei slik utvikling, seier sametingsråd for utdanning og språk, Mikkel Eskil Mikkelsen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

Saka vart først publisert i systeravisa vår, Framtida Junior.

Totalt har 2762 elevar i grunnskulen opplæring i nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk dette skuleåret. Det er 216 fleire elevar enn førre skuleår, og ny rekord ifølgje ein gjennomgang som Framtidajunior.no har gjort av tala til Utdanningsdirektoratet.

– Det er denne utviklinga og politikken som Sametinget er for. Det er ein rett å få opplæring på samisk, og då er det ei stor glede at me ser ei slik utvikling, seier sametingsråd for utdanning og språk, Mikkel Eskil Mikkelsen til Framtidajunior.no.

Treng fleire lærarar

Mikkelsen seier det er viktig å rekruttera samiske lærarar framover.

Mikkel Eskil Mikkelsen er rådsmedlem av Sametingsrådet med ansvar for oppvekst og utdanning. Foto: Kenneth Hætta

Det er særleg talet på elevar med nordsamisk som har auka dei seinaste åra. Berre frå førre skuleår har talet på elevar med nordsamisk som første- eller andrespråk auka med 154.

Dei eldste tilgjengelege tala frå Utdanningsdirektoratet er frå skuleåret 2001/2002. Då var det 1786 elevar med samisk på skulen.

Fleire med samisk som opplæringsspråk

904 elevar i grunnskulen har samisk som opplæringsspråk i dette skuleåret. Det er det høgaste talet på 14 år.

I haust var det 112 førsteklassingar som byrja på skulen med samisk som opplæringsspråk. Ikkje på 17 år har talet vore høgare i Noreg. Dei som har samisk som opplæringsspråk får undervisinga i også dei andre faga på samisk, som til dømes samfunnsfag, KRLE og naturfag.