Tidlegare mållagsleiar blir statsråd: – Klart det er viktig for nynorsken

Tidlegare leiar for Noregs Mållag, Oddmund Løkensgard Hoel (56) tek over som studentane sin eigen statsråd.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Tysdag vart det klart at Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) blir Sandra Borchs (Sp) arvtakar som statsråd for forsking og høgare utdanning.

56-åringen kjem frå Trondheim og har til i dag hatt ei mellombels stilling som statssekretær for Borch i Kunnskapsdepartementet.

Klår favoritt

Då Ola Borten Moe skulle bytast ut i fjor, var fleire i kunnskapssektoren svært positive til Hoel som arvtakar. Hoel har i tida si som forskar og statssekretær opparbeida eit godt renommé blant fleire i dei akademiske sirklane.

I eit intervju med Adresseavisen, gav prorektor Monica Rolfsen ved NTNU Hoel ei glødande anbefaling.

– Hoel er ein ekstremt kompetent statssekretær, og statsråden heile sektoren ønskjer seg, seier Rolfsen.

Erfaren målmann

Hoem er nynorskbrukar og var leiar for Noregs Mållag mellom 1999 og 2002. Sitjande mållagsleiar Peder Lofnes Hauge strålar over å få ein målmann ved roret i kunnskapsdepartementet.

– Med Oddmund Hoel får vi ein tidlegare mållagsleiar rundt Kongens bord. Det er klart det er viktig for nynorsken. Vi er kjempefornøgde i dag!

Hauge meiner Hoel kjenner målsaka godt og veit kva målrørsla ventar av både han og regjeringa.

– Dette er bra for sektoren, og godt nytt for nynorsk i akademia og ellers i samfunnet. At vi får ein nynorskstatsråd i Kunnskapsdepartementet er eg trygg på er godt nytt også for nynorskelevane i skulen.

Lingvist og ungdomsforskar

Hoel har utdanninga si frå Universitetet i Oslo, der han studerte nordisk språk og litteratur, før han flytta til Trondheim, der han fullførte ei doktorgrad i historie i 1996.

Mellom 2007 og 2021 var Hoel tilsett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), der han underviste i, og forska på historie, nasjonalisme og språk. Seinare i denne perioden var han òg programansvarleg for historie og samfunnsfag ved HVL.

Frå 2019 til 2021 var han hovudredaktør for tidsskriftet Heimen, eit vitskapleg tidsskrift som tek føre seg lokalhistorie frå heile Noreg.

Har ikkje plagiert doktorgradsavhandlinga

Fredag kunne E34 avsløra at dei hadde avdekka fleire tilfelle på plagiat i masteroppgåva til Sandra Borch. Borch annonserte same kveld at ho ville trekka seg frå posten som statsråd for forsking og høgare utdanning.

Over helga vart det kjend at helseminister Ingvild Kjerkol si masteroppgåve også inneheld tekst frå andre akademiske oppgåver.

Journalistar frå NRK har dei siste dagane gått gjennom fleire toppolitikarar sine mastergrader og andre oppgåver, mellom anna doktorgradsavhandlinga til Hoel. Dei har ikkje klart å avdekka plagiat.