Studentleiar vil ha nasjonalt regelverk for fusk

I dag er det opp til universiteta og høgskulane å definere kva som blir rekna som fusk. – Det er alvorleg for studentane, seier studentleiar Oline Sæther.

NPK-NTB
Publisert

Sæther, som er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), vil ha på plass eit nasjonalt regelverk for fusk.

– Realiteten er i dag at vi ikkje har ein definisjon av fusk som skil på alvorsgrad, og er tydeleg på kva straff som skal givast til studentar gitt denne alvorsgrada, seier ho til Dagsavisen,

Ho seier mangelen på eit godt, nasjonalt regelverk har gitt institusjonane stort rom for eigne tolkingar som gjer at vi har ulike regelverk på ulike institusjonar.

– Studentane blir nærast rettslause, og det gir ingen tryggleik for likebehandling på tvers av institusjonar.

Når studentar blir tekne i fusk, kan dei få eksamen annullert og i nokre tilfelle bli utestengd frå utdanninga i eitt eller to semester.

I forslag til ny universitets- og høgskulelov foreslår regjeringa å auke strafferamma på fusk til inntil to år, noko NSO er svært kritisk til.

– Reaksjonar må komme baserte på om det var med vilje at ein juksa, eller om det var slurv og eit dårleg stykke arbeid, seier studentleiaren.