1 av 4 er redd for utanforskap i russetida
Det kjem fram i ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein av fire mellom 16 og 19 år opplever eller har opplevd å vere usikre på om dei får vere med i ei russegruppe eller ikkje, går det fram av ei fersk undersøking.
I undersøkinga, som Ipsos har gjort for Blå Kors, kjem det fra at 16 prosent har opplevd å bli ståande utanfor i feiringa, og 25 prosent svarar at dei ikkje veit korleis dei kan inkludere vener og klassekameratar som står utanfor.
– Førebuingane til russetida startar ofte alt det første året på vidaregåande, og det å gå rundt og vere uroa for om ein blir inkludert eller ikkje, er derfor eit stresselement for mange over lang tid, seier rådgjevar Hanne Backe-Hansen i Blå Kors i ei pressemelding.
– Det å bli ståande utanfor fellesskapen, er noko av det vanskelegaste som finst, og vi må bli flinkare til å inkludere alle, legg ho til.
Pengepress
Det kjem også fram at 40 prosent av jentene svarar at dei kjenner nokon som har vorte haldne utanfor, medan 24 prosent av gutane seier det same. 40 prosent svarar også at dei opplever eit press på å bruke mykje pengar på russeklede og anna utstyr i samband med russetida.
Leiar for førebygging i Blå Kors, Camilla Lunde, meiner at alle som står rundt må ta ansvar for å hjelpe russen slik at alle blir inkluderte.
– Foreldra må engasjerer seg i den sosiale kvardagen til borna og vere gode rollemodellar. Lærarar må snakke med elevane om inkludering, og dette må starta alt på barneskulen. Vi treng også å få til eit samarbeid med kommunane. Dei må ta ansvar for at russen har ein stad å vere, og vi må lage felles arrangement og arenaer i samarbeid med russen, skulen, foreldre og andre, seier ho.