Kunnskapsministeren spent før russefeiringa – håpar russen gjer det betre på eksamen
Etter fleire innstrammingar ligg det an til ei annleis russefeiring i år. Kunnskapsministeren håpar på historisk gode eksamensresultat.
– Eg håpar sjølvsagt at russen får ei fin markering, og ikkje minst at vi får historisk gode eksamensresultat i år, no når feiringa i større grad blir teken etter eksamen, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NTB.
Regjeringa har dei siste åra teke fleire grep overfor russen. Eitt av dei er å flytte dei nasjonale eksamenane framover i tid, i håp om at russen skal utsetje feiringa til etter 17. mai og eksamen.
– Ut frå dei rapportane eg har fått, så er det ulike tilnærmingar til dette rundt omkring i landet. Forutan dei nordlegaste fylka, som har hatt russefeiring i juni, så flyttar no ei rekke andre fylke også russetida til eit seinare tidspunkt, seier Nordtun.
– Byggjer stein på stein
Dei nasjonale eksamenane er no lagde mellom 4. og 21. mai.
I fleire av storbyane, og andre stader i landet, er starten på russetida utsett til 15. mai. Altså litt før siste eksamen.
– Det er positivt, fordi mai først og fremst skal vere ein månad for læring og eksamensgjennomføring. Det er viktig at det er læringsresultata som står i fokus på slutten av eit 13 års langt skuleløp, seier Nordtun.
– På sikt kan målet vere at heile russefeiringa skjer i juni. Men det får vere eit mål lenger der framme. Vi byggjer stein på stein.
– Ekstrem, ekskluderande kultur
Allereie nokre veker etter at Nordtun tiltredde som kunnskapsminister hausten 2023, gjekk ho ut og erklærte kamp mot ei russefeiring ho meinte var ute av kontroll.
– Vi har gjort fleire grep for å tone ned den ekstreme, ekskluderande russekulturen som har vore i landet dei siste åra. Forutan å flytte eksamen, har vi har mellom anna innført forbod mot russebussar med jamstilte sete og ståplassar frå i år, seier ho.
Nordtun nemner også at dei har bede forbrukartilsynet om å følgje opp og prioritere tilsyn med kommersielle aktørar som rettar seg mot russen.
– Trur du russefeiringa blir mindre ekstrem i år?
– Det kjem nok framleis til å vere ei solid feiring, og det unner eg dei.
Seinare russetreff
Regjeringa har også oppmoda dei store russetreffa til å utsetje arrangementa sine.
Resultatet er at Landstreff Fredriksten først går av stabelen 22.–23. mai, medan Kongeparken dundrar på med landstreff allereie 1.–3. mai i år.
– Men dei har no heldigvis annonsert at dei vil utsetje det neste år, seier Nordtun.
Gruppeinndeling
Kunnskapsministeren meiner det har vore heilt nødvendig med tydelege grep.
– Russetida har vorte ei enorm ekskluderingsmaskin, der dei unge har delt seg inn i grupper tidlegare og tidlegare i skuleløpet. Nokre stader har dei delt seg inn etter kor fine dei er, kor flinke dei er til å feste eller kor rike foreldra er, seier ho.
– Det å få tona ned dette, og ikkje minst å få tona ned busskulturen, som har teke med seg ein enorm rusbruk, har vore viktig, seier ho.
Eitt av måla har vore å gjere det lettare for elevane å velje vekk russetida, eller i alle fall tone henne ned.
– Er de ferdige med tiltak mot russen no?
– No er eg spent på korleis desse tiltaka blir møtte. Det aller viktigaste for meg er at elevane har eit trygt og godt skulemiljø der dei kjenner seg inkluderte, seier Nordtun.
– Skal få feste i fred
TV 2 har tidlegare dokumentert korleis skiftande regjeringar over 45 år har prøvd å flytte på russetida, utan å komme særleg langt.
Det skin gjennom at Nordtun er ørlite stolt av eige arbeid:
– Det var fleire statsrådar før meg som prøvde på dette, heilt sidan Jon Lilletun på 90-talet. Det var ikkje mange – heller ikkje i Kunnskapsdepartementet – som trudde dette kom til å gå, då eg sa at dette må vi fikse opp i.
Ho takkar også statsministeren, som tidleg var ute og støtta prosjektet.
– Kjem du sjølv til å ta del i russefeiringa?
– Dei skal få feste i fred. Men den sterke oppmodinga mi er at dei tek vare på kvarandre.








