NRK: Staten ankar frifinninga av Fosen-aksjonistar
Statsadvokaten har anka frifinninga av Fosen-aksjonistane som vart frifunne i Borgarting lagmannsrett i januar.
Det melder NRK.
– Påtalemakta har avgjort å anke lagmannsrettens dom i saka mot Fosen-demonstrantane til Høgsterett. Anken gjeld lovbruken, skriv statsadvokat Stian F. Hermansen i ein e-post til NRK.
Aksjonistane måtte møte i retten etter at dei nekta å betale bøter på opp til 6000 kroner. Bøtene fekk dei etter at dei i 2023 okkuperte Energidepartementet, og blokkerte inngangen til Finansdepartementet og Keysers gate 6. Det var ein del av ein større demonstrasjon mot menneskerettsbrot på Fosen som ikkje hadde blitt følgt opp etter dommen frå Høgsterett i 2021.
I januar vart 13 aktivistar frifunne av Borgarting lagmannsrett.
Olaf Halvorsen Rønning, som er ein av forsvararane til aksjonistane, skriv til NRK at dei nettopp fått anken og skal grundig igjennom han.