Barnas klimapanel har møtt politikarar og barn frå andre land på klimatoppmøtet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.01.2024 11:01

Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført saman med Framtida Junior med støtte frå Fritt Ord.

– Eg føler at nokre få av dei eg har møtt har høyrt litt og er einige i det vi seier her på COP.

Det seier Hallvard Hauge (11) frå Oslo. Saman med resten av Barnas klimapanel er han i Dubai for å vere med på FNs klimatoppmøte (COP28).

– Men det er mange av dei som ikkje høyrer. For eksempel møtte eg ein frå Kina. Han var på ein måte veldig imot det vi sa, og meinte at barn ikkje burde vere på COP. Dei burde vere heime og gjere lekser og har mykje anna dei burde fokusere på, legg han til.

Barn må vere med

Hallvard Hauge (11) og Lovisa Suzanna Verhoeve Kvaal (14) frå Verdal snakkar med Framtida.no på videosamtale frå Dubai. Dei er i emiratet for å tale barna si sak når politikarane skal bli samde om avtalar for å prøve å avgrense den globale oppvarminga og konsekvensane av klimaendringar.

I Barnas klimarapport, som dei lanserte før dei reiste på toppmøtet, skriv Barnas klimapanel at barn har rett til å bli høyrde. Dei peikar på at både FNs barnekonvensjon og den norske Grunnlova slår fast at barn har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei.

– Klima- og naturkrisene rammar oss hardt, og vi må få vere med når avgjerder om klima og miljø blir tatt, skriv dei.

Lovisa meiner det er mange som lèt som om dei høyrer på barn, men eigentleg ikkje gjer det.

– Dei berre snakkar med oss for å vere kule, liksom.

Retten til å seie meininga si og bli høyrt

FNs barnekonvensjon artikkel 12 handlar om at alle barn har rett til å seie meiningane sine og ha innflytelse i saker som angår dei.

Barn har rett til fritt å seie meininga si i alle saker som angår dei. Vaksne skal lytte til synspunkta som barnet har, og ta desse på alvor.

Kjelde: Redd Barna og regjeringa

 

Møtte innanriksministeren til Kongo

Under årets klimatoppmøte er det om lag 40 barn, kan dei to miljøagentane fortelje. Heile Barnas klimapanel på åtte personar er til stades, og Noreg utgjer difor ein femtedel av barna som er med på COP.

Barnas klimapanel har møtt fleire politikarar medan dei har vore på toppmøtet, som utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), Une Bastholm (MDG), Lars Haltbrekken (SV) og Ola Elvestuen (Venstre).

– Det kulaste eg har opplevd, er å møte mange barn frå Afrika og å få snakke med innanriksministeren til Kongo, seier Hallvard.

Han møtte tilfeldig innanriksministeren til Republikken Kongo, og fekk han til å stoppe. Hallvard gav han Barnas klimarapport på engelsk og fortalde om innhaldet, noko ministeren lytta til med stor interesse.

Utfasing

Lovisa har ei klar oppmoding til politikarane på klimatoppmøtet.

– Å stoppe med olje og heller fokusere på fornybar energi.

– Og å ta vare på naturen, skyt Hallvard inn.

Dei er begge opptekne av at ein sluttavtale på toppmøtet må gå inn for utfasing av kol, olje og gass.

– Vi barn er framtida. Det er vi som skal arve jorda. Viss politikarane held fram å leite etter olje og gass, kjem problema etter dei til å hamne i barns hender i framtida, seier Hallvard.

Naomi (13) frå Sør-Sudan

– Vi har møtt nokre barn frå Afrika og så har vi vore på ein panelsamtale med ei av dei frå Afrika som heiter Naomi. Ho hadde ganske mykje bra å seie, fortel Hallvard.

Nettopp å høyre frå barn i andre delar av verda, har vore det beste med å vere med på klimatoppmøtet for Lovisa. Det gjorde inntrykk å høyre 13 år gamle Naomi frå Sør-Sudan fortelje om korleis klimaendringane påverkar barn i landet hennar.

– Ho sa at der ho er frå, er det ungar som ikkje kan gå på skule fordi taket på skulen har blåse av og det var mykje overfløymingar der. Eller så må dei gå og hente vatn i staden for å gå på skulen, fordi reint vatn er så langt unna. Då dei kom heim var skulen stengt.

Lovisa meiner ungar må ha rett til å vere ungar, og ikkje vere så opptekne av korleis framtida kjem til å bli viss vi ikkje gjer noko.

– Det er veldig dumt at så mange barn er redde og bekymra over si eiga framtid og andre ungars framtid.

FNs verdserklæring om menneskerettar

Artikkel 1: FRIDOM: Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.

Artikkel 2: LIKEVERD: Kvar einskild har krav på all den rett og fridom som fråsegna nemner, utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk syn eller anna meining, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller andre tilhøve. Den politiske stoda, lovverket eller dei internasjonale påboda eit land lever under, kan ikkje vere påskott til at det blir gjort skilnad på nokon i det landet eller området han høyrer til, anten landet har sjølvstende, står under tilsyn, er ikkje-sjølvstyrt eller sjølvstyret er avgrensa på nokon annan måte.

Artikkel 3: LIV: Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.

Artikkel 4: SLAVERI: Ingen skal haldast i slaveri eller trældom. Slaveri og slavehandel av alle slag er forbode.

Artikkel 5: TORTUR: Ingen må torturerast, pinast eller straffast på umenneskeleg eller nedsetjande vis.

Artikkel 6: RETTSSUBJEKT: Alle menneske har krav på at domstolane alle stader godtek dei som rettssubjekt.

Artikkel 7: LIKE FOR LOVA: Alle er like for lova og har krav på same rettsvern, utan skilnad av noko slag. Alle har krav på same vern mot at det blir
gjort skilnad på folk i strid med denne fråsegna, og vern mot tiltak som ber i seg ein slik fare.

Artikkel 8: DOMSTOLAR: Alle har rett til å få fullgod hjelp frå dei lovlege nasjonale domstolane når det gjeld handlingar som krenkjer den retten den einskilde har fått i grunnlova eller lovverket elles.

Artikkel 9: ARREST: Ingen må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel eller visast ut av landet.

Artikkel 10: UPARTISK DOMSTOL: Alle har same rett til å få saka si rettferdig og offentleg granska av ein sjølvstendig og upartisk domstol, både når det er pliktene og retten til den einskilde som skal fastsetjast, og når det er reist klagemål mot han.

Artikkel 11: RETTSHJELP:
1. Den som er klaga for ei straffbar handling, har rett til å bli rekna som skuldlaus til ein offentleg domstol, der han har fått full trygd for retten til å forsvare seg, har prova at han er skuldig etter lova
2. Ingen skal kjennast skuldig i ei straffbar handling når det han har gjort eller forsømt ikkje streid mot nasjonal lov eller folkeretten på den tida det hende. Han må heller ikkje dømast hardare enn det lova gav høve til då den straffbare handlinga vart utført.

Artikkel 12: AUTONOMI: Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre, anten det gjeld hans eigen person, familie, heim, brevskifte, eller åtak på ære og omdøme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike åtak.

Artikkel 13: FRI FERDSEL:
1. Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje bustad innafor grensene i sitt eige land.
2. Det skal også vere full rett til å reise ut av det landet ein bur i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land.

Artikkel 14: ASYL:
1. Alle som blir forfølgde har rett til å søkje og ta imot asyl i eit anna land.
2. Denne retten gjeld ikkje i rettssaker som har røynleg grunnlag i upolitiske brotsverk eller handlingar som strir mot formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.

Artikkel 15. STATSBORGARSKAP:
1. Alle har rett til eit statsborgarskap.
2. Ingen skal misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta retten til å endre det.

Artikkel 16: FAMILIE:
1. Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og skipe familie utan avgrensing av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på dei same rettane når det gjeld ekteskapet, både så lenge ekteskapet varer og medan det blir løyst opp.
2. Ekteskapet må berre kome i stand etter fritt og fullt samtykke frå begge partar.
3. Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på at staten og samfunnet vernar om det.

Artikkel 17: EIGEDOM:
1. Alle har rett til å ha eigedom åleine og saman med andre.
2. Ingen skal vilkårleg bli fråteken eigedomen sin.

Artikkel 18: RELIGIONSFRIDOM:
Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Denne retten gjeld fridom til å endre religion eller tru, og fridom til å målbere sin eigen religion eller si eiga truslære i gjerning og framferd, anten åleine eller saman med andre, offentleg eller privat.

Artikkel 19: YTRINGSFRIDOM:
Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta
imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.

Artikkel 20: ORGANISASJONAR:
1. Alle har rett til fritt å vere med på møte og i organisasjonar med fredelege formål.
2. Ingen kan tvingast inn i ein organisasjon.

Artikkel 21: FRIE VAL:
1. Alle skal ha rett til å vere med på å styre landet sitt, beinveges eller gjennom talsmenn som er peika ut i frie val.
2. Alle skal ha same retten til å gjere teneste i offentlege ombod i landet sitt.
3. Folkeviljen skal vere grunnlaget for den makta som er lagd til styremaktene. Folkeviljen skal kome til syne gjennom regelfaste og røynlege val, som er grunna på allmenn og lik røysterett i løynlege val eller på annan jamgod røystemåte.

Artikkel 22: SOSIAL TRYGGLEIK:
Kvar einskild medlem i samfunnet har rett til sosial tryggleik, og har krav på at dei økonomiske, sosiale og kulturelle goda, som han ikkje kan vere utan om han skal ha vørdnad for seg sjølv og styrke den personlege karakteren sin, blir løyste gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt samarbeid i samsvar med det kvar stat maktar.

Artikkel 23: ARBEID:
1. Alle har rett til arbeid, til fritt å velje yrke, til rettferdige og gode arbeidstilhøve og vern mot arbeidsløyse.
2. Alle har same rett til å få lik betaling for likt arbeid, utan skilnad av noko slag.
3. Den som arbeider har krav på rettferdig og god betaling, så han kan syte for familien sin og seg sjølv på ein
menneskeverdig måte, og om det trengst, få hjelp gjennom andre og utfyllande sosiale midlar.
4. Alle har rett til å skipe og melde seg inn i fagforeiningar for å verne interessene sine.

Artikkel 24: FRITID:
Alle har rett til kvile og fritid, og dermed til ei rimeleg avgrensa arbeidstid, og til ferie med løn.

Artikkel 25: LEVESTANDARD:
1. Alle har rett til ein levestandard som kan tryggje helsa og velværet til forsytaren og familien hans, og gje dei mat, klede, hus, helsestell og nødvendige sosiale trygder ved arbeidsløyse, uføre, dødsfall, alderdom eller andre tilhøve som skiplar livskåra, og som forsytaren ikkje er herre over.
2. Mor og barn har rett til særskild omsorg og hjelp. Alle barn skal ha same sosiale vern, anten dei er fødde i eller utafor
ekteskapet.

Artikkel 26: SKULE:
1. Alle har rett til undervisning. Opplæringa skal vere kostnadsfri, i det minste i den allmenne grunnskulen. Den elementære undervisninga skal vere pliktig for alle. Alle skal ha høve til å få fagopplæring, og det skal vere like vilkår for alle til å få høgre utdanning, alt etter dei evnene dei har.
2. Undervisninga skal ha til mål å styrkje den menneskelege personlegdomen og auke vørdnaden for menneskerettane og den grunnleggjande fridomen, fremje skjønsemd, toleranse og venskap mellom alle nasjonar, folkeslag og religiøse grupper og stø fredsarbeidet til Dei Sameinte Nasjonane.
3. Foreldra har førsteretten til å velje kva slag opplæring barna deira skal få.

Artikkel 27: KULTUR:
1. Alle har rett til fritt å vere med i det kulturelle livet i samfunnet, til å nyte kunst og til å få sin part av dei vitskaplege
nyvinningane og goda som følgjer med dei.
2. Kvar einskild har rett til å få verna dei moralske og materielle interessene som han har skapt seg gjennom vitskapleg, litterært eller kunstnarleg arbeid.

Artikkel 28: SOSIALE KÅR:
Alle har krav på å få leve under slike sosiale kår og internasjonale tilhøve at dei fullt ut kan gjere til røyndom retten og fridomen i denne fråsegna.

Artikkel 29: PLIKT OG ANSVAR:
1. Alle har plikter andsynes samfunnet, då personlegdomen til den einskilde einast der kan få frie og fullgode voksterkår.
2. Retten og fridomen til den einskilde skal ikkje vere avgrensa av anna enn det lova tydeleg slår fast for å tryggje den vørdnaden alle andre har krav på når det gjeld rett og fridom, og dei krav som eit demokratisk samfunn med rette kan setje til moral, offentleg orden og allmenn velferd.
3. Denne retten og fridomen kan ikkje i noko høve nyttast i strid med formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.

Artikkel 30: INGEN OVER:
Ikkje noko i denne fråsegna må tolkast slik at det gjev stat, grupper eller einskildmenneske rett til å vere med på tiltak eller handlingar av noko slag som har til mål å øydeleggje den retten og fridomen som denne fråsegna stadfester.