Kvifor er det så vanskeleg å forby konverteringsterapi?

Forbodet mot konverteringsterapi balanserer på ein knivsegg mellom vern mot diskriminering og retten til religionsfridom, forklarar professor.

Edith Meek Allern
Publisert

Intervjua i saka blei gjennomført i forkant av det nyaste lovforslaget om forbod mot «konverteringsterapi». Dei som er intervjua til saka, har i etterkant svart på spørsmål også om dette forslaget.

– Det viktigaste vi gjer, er å seie at det ikkje er noko gale i å vere skeiv, at Gud er glad i dei og at dei er perfekte som dei er, seier leiar i Skeivt Kristent Nettverk, Elisabeth Meling.

Elisabeth Meling er leiar i Skeivt Kristent Nettverk. Foto: Privat

Skeivt Kristent Nettverk er ein interesseorganisasjon for skeive med bakgrunn frå ulike kristne kyrkjelydar. Meling fortel at dei har mange medlemer som har blitt utsette for sokalla konverteringsterapi.

– Dei fortel om øydelagt sjølvbilete, med kjensler av skam og avsky over kven dei er, seier Meling.

– Og om vanskar med å tru, legg ho til.

I eit tidlegare høyringsinnspel har Skeivt Kristent Nettverk uttala at «konverteringsterapi» kan samanliknast med tortur.

Det går utover så grunnleggjande menneskeverd at vi meiner det er samanliknbart, seier Meling til Framtida.no over telefon.

No ligg eit nytt forslag til forbod mot konverteringsterapi til handsaming i Stortinget.

Det er eit justert forslag etter Støre-regjeringa sitt første forslag til forbod vart presentert i fjor. Det følgde igjen Solberg-regjeringa sitt innleiande lovforslag frå 2021.

Arbeidarpartiet kritiserte Solberg-regjeringa sitt forslag for å ikkje gå langt nok i å forby konverteringsterapi, og lova å gå lenger om dei kom i regjering.

Kvifor blei det så vanskeleg?

– Det kan gjerne sjå ut som ei uskuldig samtale

Det nyaste forslaget vil forby «det å krenke en person over 18 år ved å anvende psykoterapeutisk, medisinsk, alternativmedisinsk eller religiøst baserte metoder eller lignende systematiske fremgangsmåter med hensikt om å påvirke vedkommende til å endre, fornekte eller undertrykke sin seksuelle orientering eller kjønnsidentitet».

– Det kan gjerne sjå ut som ei uskuldig samtale, men så blir det skapt skam kring kven ein er, seier Meling.

– Ein får gjerne oppgåver til neste samtale. For ein mann kan det til dømes vere at ein skal finne ein jentekjærast eller gjere stereotypiske ting som å få seg motorsykkel.

– Det kan vere oppmodingar om å be for seg sjølv, eller at leiarar ber for deg om at dei homofile kjenslene skal gå over, eller for transpersonar bønn om at dei ikkje skal lytte til djevelen.

– Nokon land er meir fysiske, som ved fysisk avstraffing eller elektrosjokk, legg ho til.

Stader i verda det er forbode med konverteringsterapi i forskjellig grad (blått), forbod har blitt forslått og blir behandla (gult), og der det er inga lov mot det (grått). Illustrasjon: Stinger20, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Straff krev klarleik: – Alle rettsstatlege varsellamper blinka

Vibeke Blaker Strand er forskingsdekan og professor i likestillings- og diskrimineringsrett ved Universitetet i Oslo.

Ho har forska særleg på spenninga mellom likestilling og religionsutøving, og forklarar at vanskane med eit forbod i hovudsak har dreidd seg om to ting:

  • rettsstatlege garantiar i utforminga av straffebod
  • høvet til menneskeretten til religionsfridom

Eit første spørsmål var om føresegnene var klare nok med omsyn til kva ein kan bli straffa for. Det seier Blaker Strand om Støre-regjeringa sitt første forslag.

Forbod i straffeloven må vere så presise om mogleg, seier ho til Framtida.no.

Det heng saman med grunnleggjande rettsstatlege omsyn: Det skal vere føreseieleg kva ein kan bli straffa for, og ein kan ikkje straffast utan grunnlag i lov.

Alle dei rettsstatlege varsellampene blinka.

Meir treffsikkert

Blaker Strand understrekar at denne typen handlingar har stort skadepotensial overfor dei som blir utsette for det. Difor er ho ikkje i tvil om at det er behov for eit styrkt vern mot ein del slike handlingar.

Samstundes meiner ho det var naudsynt å sikte forbodet inn på ein meir treffsikker måte enn Støre-regjeringa gjorde i sitt første forslag.

Ho peikar på at ein straffereaksjon på bot eller fengsel inntil tre år er alvorleg, som gjer klarleik i forbodet endå meir naudsynt.

– Er kravet til klarleik oppfylt etter nye justeringar?

– Regjeringa har lytta til innvendingar om manglande presisjon i lovteksten. Dei har no foreslått ei meir presis føresegn, noko som er positivt, skriv Blaker Strand til Framtida.no på e-post i kjølvatnet av det nyaste forslaget.

Det er no presisert at forbodet rettar seg mot det å:

«anvende psykoterapeutisk, medisinsk, alternativmedisinsk eller religiøst baserte metoder eller lignende systematiske fremgangsmåter» for å påvirke noen til å «endre, fornekte eller undertrykke sin seksuelle orientering eller kjønnsidentitet.»

– Føresegna er likevel framleis så brei at det ikkje nødvendigvis er heilt lett å føreseie kva som vil omfattast, men ho er klarare no enn i Støre-regjeringa sitt opphavlege forslag, meiner Blaker Strand.

Vibeke Blaker Strand er
forskingsdekan ved Det juridiske fakultet. Foto: Universitetet i Oslo

Høvet til religionsfridom

Den andre utfordringa handla om høvet til religionsfridom og spørsmålet om ein vaksen sjølv skal kunne samtykke til denne typen samtaler, forklarar Blaker Strand. Eit vidt spekter av religionar og religiøse forståingar er verna, konservative som liberale, understrekar ho.

Ein kan seie det handlar om grensene for eit liberalt samfunn. Med eitt ein forbyr mindretalspraksis, set fleirtalet grenser for pluralismen, utdjupar Blaker Strand.

Med det kan altså grunnleggjande rettar stå på spel.

Ho peikar på at problemstillinga har likskapstrekk med diskusjonar om forbod mot å bruke burka.

Religionsfridomen går nettopp ut på det å akseptere religiøse oppfatningar som òg er krevjande, understrekar Blaker Strand. Ho legg til at religionsfridom heng nært saman med ytringsfridom og pluralisme.

Løftar vi blikket, handlar dette om fridom til å meine noko som er eit mindretalssyn i dag, og på ein måte å kunne leve det ut, innanfor dei rammene trussamfunna har, seier ho.

Forplikta til å gjere noko, men ikkje for mykje

Samstundes som staten har plikt etter menneskerettane til å sikre religionsfridom, gir menneskerettane òg staten plikt til å sikre retten til liv og ikkje-diskriminering, forklarar Blaker Strand.

Dette gjer at forslaget balanserer på ein knivsegg mellom vern mot diskriminering for skeive og retten til religionsfridom:

Om staten kjenner til at det skjer vald og overgrep i trussamfunn, men ikkje gjer noko, vil det òg vere i strid med menneskerettane og forpliktingane etter dei. Staten skal altså gjere noko her, men ikkje for mykje, seier Blaker Strand.

– Kva slags konverteringsterapi vil vere i retning umogleg å forby grunna retten til religionsfridom?

– Eg veit ikkje kva tekstar det skulle vore, men om ein les opp noko frå heilage religiøse tekstar som uttrykkjer at homofili ikkje er greitt, er det vanskeleg å ramme av eit forbod. Å lese opp reine bibeltekstar vil nok vere på den første ytterkanten, seier Blaker Strand.

– Vi har ingen døme på at noko sånt har vore forbode etter norsk rett, legg ho til.

Som gråsone-tilfelle trekker ho fram det omstridde spørsmålet om vaksne skal kunne samtykke til samtaler.

Folk som blir sende på leirar meiner ho er lettare å forby.

Døme på dette er mellom anna blitt kjend gjennom dokumentarserien til Morten Hegseth, «Homoterapi», i VGTV. I ein av episodane møter han Arne Christian Nielsen (32) som har vore på slike leirar i Noreg og Storbritannia.

– Her er omsynet til individvernet så sterkt at det grunngir ei lovgiving mot slike strukturar, som ikkje opnar for at du kan samtykke til det. Staten har plikt til å hindre at individ blir utsette for overgrep, og det grunngir at ein ikkje kan samtykke mot ein del former for sokalla konverteringsterapi, seier Blaker Strand.

– Eit eller anna rom til å be om sjelesorg til dømes, trur eg likevel ein må bevare, elles meiner eg det går for langt igjen, understrekar ho.

– Treffer det nyaste forslaget med justeringar betre på balansen mellom religionsfridom og ikkje-diskriminering?

– Det nye forslaget presiserer at «religiøst baserte metoder» kan utgjere ulovleg konverteringsterapi. Etter mitt syn er sjølve ordlyden såpass vid, at det kan vere fare for at føresegna i praksis blir handheva på ein måte som kan krenke religionsfridomen, skriv Blaker Strand i ein e-post til Framtida.no.

Ho viser særleg til religiøse samtaler, forbønn og sjelesorg mellom religiøse leiarar og einskildmenneske.

I forarbeida skriv departementet at ein ikkje kan utelukke at forbønn med påverkingshensikt etter omstenda kan rammast.

Samstundes blir det presisert at enkeltståande, moderate samtaler berre unnataksvis vil kunne rammast, peikar Blaker Strand på. Det er også gitt større rom for at ein vaksen kan samtykke til dømes til sjelesorg.

Tida vil vise om uttalane i forarbeida gir nok rettleiing i saker der sjølbestemmingsrett blir sett på spissen i møte med det nye forbodet, legg ho til.

AUF: – Vi kan ikkje leggje det på einskildmenneske å stå i eit sånt press

AUF-leiaren Astrid Hoem synest korkje religionsfridom eller klarleik har vore problem med forslaget til Arbeidarpartiet.

Astrid Willa Hoem er leiar i AUF. Foto: Pressefoto

– Eg synest ikkje det er utydeleg i det heile teke, seier ho.

– Forskjellen mellom ei samtale med nokon som er usikre på eigen seksualitet eller kjønn, til dømes hos helsesjukepleiar, og konverteringsterapi, er heilt enkelt at du ikkje kan bruke press og tvang. Er du usikker, er du i vaklande landskap og burde tenkje over eigen praksis, utdjupar Hoem.

Ho synest heller ikkje kritikk med tilvising til religionsfridom har vore overtydande:

– Det er ikkje sånn at ein kan gøyme seg bak religionsfridom for å få nokon til å endre seksualitet. Nokon fridomar står sterkare enn andre, som retten til å vere det mennesket du er fullt og heilt, meiner ho.

Moglegheita for vaksne til å samtykke til konverteringsterapi, synest ho burde vere smal. I mange situasjonar vil samtykket ikkje vere reelt, men komme av press og frykt for utestenging, meiner ho.

– Ein kan ikkje leggje det på kvart einskild menneske å stå i det presset åleine. Som samfunn må vi seie at det presset og den frykta skal du ikkje stå i åleine, vi skal stå saman, meiner Hoem.

– I det nye forslaget er det eit visst rom for samtykke, for at forbodet skal vere i tråd med forpliktingar i høve til religionsfridom. Synest du det er uheldig?

– Det nye forslaget er heilt tydeleg på at alle skal vere frie frå forsøk på å bli konvertert til å vere nokon andre enn seg sjølv, og det er det viktigaste, skriv Hoem i ein e-post til Framtida.no.

Ho seier samstundes det er bra at ein no har funne formuleringar som gjer ein tryggare på at forbodet står seg i høve til andre menneskerettar. Det går uansett betrakteleg lenger enn det Høgre foreslo i si tid, som dei meinte var det einaste moglege, meiner ho.

– Eg har òg rett til å tru

Preses Olav Fykse Tveit går i Oslo Pride i 2023. Foto: Den norske kyrkja

Elisabeth Meling i Skeivt Kristent Nettverk er samd i at dei med tradisjonelle syn på kjønn og seksualitet framleis skal ha rett til å utøve si tru i tråd med deira religiøse overtyding. Ho meiner det likevel ikkje rettferdiggjer noka form for konverteringsterapi.

– Det er ikkje religionsfridomen til dei som driv konverteringsterapi dette grip inn i, men deira religionsprivilegium. Religionsfridomen stoppar der han byrjar å skade andre, meiner Meling.

– Eg har òg religionsfridom, eg har òg rett til å tru, legg ho til.

– I det nyaste forslaget er det eit visst rom for samtykke, for at forbodet skal vere i tråd med forpliktingar i høve til religionsfridom. Synest du det er uheldig?

– Er det frivillig samtykke om ein gjer det for å passe inn? Når ein veit det er skadeleg, er det utruleg at ein skal tillate smotthol for å halde fram med det, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Meling understrekar at mange som har opplevd konverteringsterapi, har gjort det på grunn av kultur i miljøa dei kjem frå.

Eg forstår dei juridiske utfordringane her, men vernet om den sårbare parten er det som burde trumfa, meiner ho.