Ingen avtale på klimatoppmøtet – landa forhandlar på overtid

Miljøorganisasjon meiner klimatoppmøtet er på veg mot ein potensiell fiasko. No forhandlar partane på overtid.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Den offisielle fristen for å kome med ein ny avtale på klimatoppmøtet i Dubai, var tysdag morgon. Innan den tid hadde partane ikkje blitt samde om eit sluttdokument, skriv VG.

Forhandlingane held difor fram på overtid.

Utfasing-trøbbel

Det er ikkje uvanleg av klimatoppmøta trekker ut, då forhandlingane er vanskelege.

Eit av dei store temaa under COP28, årets klimatoppmøte, har handla om utfasing av olje og gass. Måndag vart det presentert eit forslag til sluttdokument som vekte sterke reaksjonar.

Det har lege an til at ei formulering om utfasing av olje og gass ville vere ein del av det endelege sluttdokumentet for den globale gjennomgangen av Parisavtalen (Global Stocktake), men i måndagens forslag, var denne delen skriven om.

Ikkje vedtaksbart

Noreg har saman med Singapore leia forhandlingane om utfasing, og har spelt inn forslaga til COP-president Sultan Al-Jaber.

Etter at det 21 sider lange forslaget til sluttavtale måndag vart lagt fram, sa utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til VG at det ikkje var vedtaksbart.

Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) var heller ikkje nøgd med formuleringane i forslaget til sluttdokument.

– Dette er vage formuleringar om kva ein kan tenke seg å ville, slik teksten er no, sa Eriksen til NTB.

NRK skriv at 80 land, inkludert EU og USA, ville ha med at fossil energi skal fasast ut.

Forslaget som kom måndag, blei ikkje vedteke, og forhandlingane held fram.

Spire: – Eit stort svik

Forslaget til sluttdokument som vart presentert, vil ikkje vere forpliktande for landa og ikkje ta for seg utfasing av fossile energikjelder, understrekar Spire-leiar Elise Åsnes i ei pressemelding.

– Om dette forslaget blir vedtatt, er det eit stort svik mot både land i det globale sør og noverande og framtidige generasjonar, seier klimaaktivisten som er til stades på toppmøtet i Dubai.

– Fiasko

Åsnes trekker fram at paragraf 39 i forslaget, som handlar om utfasing, har blitt endra til ei valfri liste, og at teknologiutvikling har fått større plass.

– Heile legitimiteten til Parisavtalen kvilar på denne gjennomgangen. Akkurat no ser det ut til at legitimiteten til både Parisavtalen og trua på klimarettferd går i søpla i Dubai, seier Åsnes.

Ho meiner vi med forslaget som måndag kveld låg på bordet, ikkje vil klare å justere kursen slik at vi når målet i Parisavtalen.

– Språket er ekstremt svakt og legg ikkje opp til konkret handling. COP28 vil bli ein fiasko dersom dette tekstforslaget blir vedtatt.