Dette er dei store sakene under årets klimatoppmøte

30. november starta FNs årlege klimatoppmøte i Dubai. Vi har snakka med Noregs ungdomsdelegatar om kva som er dei største sakene under årets klimaforhandlingar. 

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det er eit par saker som verkeleg står fram og blir viktige i år, fortel Amalie Holmefjord på telefon til Framtida.no.

Denne veka er ho i Dubai saman med Matilde Angeltveit for å representere norske barn og unge på årets viktigaste klimamøte, kjent som COP28.

Dei to ungdomsdelegatane trekker fram fire punkt som står høgt på årets agenda.

1: Global Stocktake (GST)

Du har kanskje høyrt ordet Global Stocktake, forkorta GST, i samband med klimatoppmøtet. Det er kort fortalt ein statusrapport for korleis det går med Parisavtalen.

– Det er den store overskrifta i år. Det er første gongen ein skal sjå kor langt vi er komne og kva det er som står att for å oppnå Parisavtalen, forklarar Matilde Angeltveit.

Matilde Angeltveit er ungdomsdelegat på FNs klimatoppmøte for andre gong.

Parisavtalen er ein juridisk bindande, internasjonal traktat, som har som mål å avgrense global oppvarming til godt under 2 grader celsius – helst 1,5 grader – samanlikna med førindustrielt nivå. 196 land slutta seg til avtalen under klimatoppmøtet i Paris (COP25) i 2015, og han tredde i kraft 4. november 2016.

Den globale gjennomgangen (GST) tar for seg alle dei ulike temaa under Parisavatalen og ser på korleis vi ligg an. Amalie Holmefjord meiner det er viktig at resultatet av gjennomgangen blir brukt vidare som eit vegkart for å styre verda i riktig retning.

Matilde Angeltveit peikar på at det er tusenvis av ulike interesser som speler inn.

– Kven er det som ikkje har fått til det dei skal? Kven er det som burde gjort meir? Kven si skuld er det at vi er der vi er no? Alle veit jo at vi ikkje er på god veg, men så er spørsmålet om vi skal sjå meir bakover eller meir framover.

– Så det blir spanande kva slags tekst ein landar på, for det seier litt om korleis verdas land ser på sin eigen innsats og tida framover mot klimamåla, legg ho til.

2: Fossil utfasing

– Endeleg så blir det snakk om fossil utfasing! Ein har endeleg fått på plass forhandlingar om utsleppskutt. Det har ein ikkje hatt gjennom dei 28 åra som COP har vore til no, jublar Matilde Angeltveit.

Under årets klimatoppmøte er det altså første gong ein skal ta for seg utsleppskutt. Angeltveit forklarar at det difor vil vere mange prosessar som gjer at dei kan snakke om energiomstilling, fossil utfasing og utsleppskutt.

– Det kjem til å bli viktig kva språk ein får på dette i teksten, seier Amalie Holmefjord.

Eit av dei store spørsmåla er kor vidt ein skal gjere unntak for fossil engergi der utsleppa blir fanga og lagra (CCS) og kor tydeleg ordbruken skal vere. EU og Noreg har lagt seg på ei linje om utfasing av fossil energi med unntak der utsleppa blir fanga og lagra, medan USA ifølgje VG ønsker ei formulering om å «akselerere innsatsen i retning utfasing». Kina er ifølgje avisa skeptiske til utfasing. India og afrikanske land meiner det må vere forskjell på tidspunkt for utfasing mellom rike og fattige land. Tidlegare har ein brukt ordet «nedfasing» i tekstar heller enn «utfasing».

Toppmøtet skal vere i Dubai, som er ein stor oljenasjon. Angeltveit peikar på at dei samstundes investerer mykje i fornybart no, og i stor grad hamnar i same bås som Noreg.

– Det er litt motstridande at det skal vere der, sidan dei er ein stor oljenasjon. Men det er òg viktig at alle land er med på den omstillinga som må skje. Difor er det viktig at dei landa er med her, seier Amalie Holmefjord.

3: Tap og skade

– Ein snakka i fjor veldig varmt om at ein har fått på plass tap og skade-mekanismar, men ein blei jo eigentleg berre samde om å setje ned ein komité som skal sjå meir på det, seier Matilde Angeltveit.

Tap og skade blir eit stort tema også på årets klimatoppmøte. Etter fjorårets avgjerd om å opprette eit fond for å finansiere tap og skadar som følgje av klimaendringar, er det i år det faktisk skal bli ein realitet. Fondet skal ifølgje Cicero Senter for klimaforsking bidra til å hjelpe utviklingsland som er direkte råka av klimaendringane sine konsekvensar, og skal hjelpe dei å handtere tørke, flaum, stormar og andre katastrofar.

Dette fondet skal ein prøve å gjere operativt under årets klimatoppmøte. Komitéen meiner at Verdsbanken skal husa fondet dei neste fire åra. Rike land har fått ei sterk oppmoding om å bidra med pengar til fondet, medan andre land blir «oppmuntra» til å bidra frivillig.

Fondet for tap og skade blei vedteke allereie på klimatoppmøtets første dag. Som venta er det Verdsbanken som skal vere vertsskap.

4: Klimafinansiering

– Ein skal forhandle mykje om nytt mål for klimafinansiering. Det skal endeleg vedtakast neste år, men jobben med å forhandle det fram blir gjort i år, forklarar Matilde Angeltveit.

Det er eit globalt mål i Parisavtalen å styrke klimatilpassing og redusere sårbarheit for klimaendringar, forklarar Cicero. Under årets toppmøte vil det bli jobba med korleis ein skal få på plass eit rammeverk for dette. Då er finansiering eit viktig tema.

Fattige land er opptekne av at løfte om klimafinansiering ikkje er innfridd, medan rike land vil at ein skal diskutere andre ting enn finansiering, ifølgje Cicero.