Første FN-resolusjon om kunstig intelligens vedteken

Kunstig intelligens må vere i pakt med menneskerettane.

NPK-NTB-AP
Publisert

Alle medlemslanda i FN var samde då Hovudforsamlinga torsdag vedtok ein resolusjon om at KI-teknologien må vere trygg og i pakt med menneskerettane.

Det er første gong at FN vedtek ein resolusjon som støttar ein internasjonal innsats for regulere teknologien slik at han kjem menneskeslekta til gode.

Alle medlemslanda støtta resolusjonen, som «representerer global støtte for eit grunnleggjande sett av prinsipp for utvikling og bruk av KI». Over 120 land har teke del i arbeidet med å forme ut teksten.

USAs nasjonale tryggingsrådgivar Jake Sullivan har omtalt resolusjonen som eit historisk steg framover.