Vertslandet for årets klimatoppmøte blir skulda for å bryte menneskerettane og er venta å føre oljeforhandlingar parallelt, men norsk sivilsamfunn meiner det er viktig å delta.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Framtida har spurt ungdomsorganisasjonane om kva forventingar dei har til FNs klimatoppmøte i Dubai. Møtet, kjent som COP, føregår i emiratet mellom 30. november og 12. desember.

I tillegg til den norske forhandlingsdelegasjonen, vil det vere representantar for sivilsamfunnet og norske barn og unge til stades i Dubai.

Sjå kva ungdomsorganisasjonane på klimafeltet svarar her:

Spire

– Kva tenkjer de om at klimatoppmøtet blir arrangert i Dubai?

– Vi har ei stor bekymring over fråværet av reell klimahandling hos årets vertsland. Å ha ein sjef for eit oljeselskap som president for eit klimatoppmøte er hårreisande og gjer oss ikkje mindre urolege, svarar Spire-leiar Elise Åsnes.

– Kjem de til å vere til stades fysisk i Dubai?

– Spire reiser ned til forhandlingane og skal vere der fysisk. Det er viktig med eit sterkt sivilsamfunn til stades, spesielt når vi veit at det reiser så mange frå næringslivet.

– Amnesty peikar på at Dubai bryt menneskerettane på fleire område. Har det vore aktuelt å boikotte COP i Dubai?

Elise Åsnes er leiar i Spire og reiser til Dubai for å vere med på klimatoppmøtet. | Foto: Spire

– Det er heilt sentralt for oss i sivilsamfunnet å løfte fram menneskerettsbrota til årets vertsland. Vi er svært bekymra over kva utfall årets COP kan lande på. Det er viktig at sivilsamfunnet er til stades for å påverke forhandlingane i riktig retning. Vi skal følgje nøye med.

– Kva ser de på som den største utfordringa under årets COP?

– Den største utfordringa med årets COP er kor mykje makt oljelobbyen og næringslivet kan få. Vi treng ambisjonar meir enn nokon gong.

– Spire skal jobbe hardt for at møtet fører til ein rettferdig avtale. Vi treng vedtak på konkrete planar for utfasing av fossil energi, og dei av oss som opplever dei største konsekvensane av klimakrisa, må få kompensasjon.


 

KFUK-KFUM Global

– Kva tenkjer de om at klimatoppmøtet blir arrangert i Dubai?

– Eg tenker det viktigaste er å fokusere på kva vi kan oppnå klimapolitisk. Når det er sagt, er det også viktig å ta menneskerettssituasjonen i Dei sameinte arabiske emirata på alvor. Samstundes kan paradokset om at ein oljenasjon skal vere vertskap for klimatoppmøtet forhåpentlegvis ha betydning for at utfasing av fossil energi blir sett høgare på agendaen, svarar Anna Smeby i Politisk utval for klimarettferdighet i KFUK-KFUM Global.

– Kjem de til å vere til stades fysisk i Dubai?

Anna Smeby i KFUK-KFUM Global. | Foto: Privat

– Ja, eg kjem til å representere KFUK-KFUM Global og vere til stades i Dubai under heile konferansen.

– Amnesty peikar på at Dubai bryt menneskerettane på fleire område. Har det vore aktuelt å boikotte COP i Dubai?

– Vi vurderer deltaking på COP som ein så viktig arena for å løfte ungdomsperspektivet i klimasaka at det ikkje var aktuelt med boikott, svarar Eli Marie Johnsen, kommunikasjonsleiar i KFUK-KFUM Global.

– Samstundes er vi opptekne av at utfasing av all fossil energi blir inkludert i slutteksten, og at Noreg forpliktar seg til offentleg finansiering av tap og skade-fondet. Eg forventar òg at det blir arbeidd for at klimafinansieringa når dei mest sårbare gruppene, som kvinner, barn og urfolk.

– Kva ser de på som den største utfordringa under årets COP?

– Vi forventar blant anna at det blir utfordrande diskusjon om utfasing av fossil energi for å sikre at utsleppskutt skal inkludere reinseteknologi som CCS, eller ikkje.


 

Changemaker

– Kva tenkjer de om at klimatoppmøtet blir arrangert i Dubai?

– Det er ei ambivalent kjensle å skulle reise til oljebyen Dubai for å delta på årets klimaforhandlingar. Det er så klart spesielt når det verkar som vertslandet, UAE, vil bruke tida på å lande oljeavtalar framfor å diskutere klimatiltak. Desto viktigare er det at det norske sivilsamfunnet er med å pushe Noreg i riktig retning, svarar leiar i Changemaker Marte Hansen Haugan.

– Kjem de til å vere til stades fysisk i Dubai?

– Marte, leiar i Changemaker og Dinah, leiar for politisk utval for klima og miljø i Changemaker reiser til Dubai for å delta på forhandlingane.

Marte Hansen Haugan og Dinah Iversen på mellomforhandlingane på klima som føregjekk i sommar i Bonn. | Foto: Changemaker

– Amnesty peikar på at Dubai bryt menneskerettane på fleire område. Har det vore aktuelt å boikotte COP i Dubai?

– Rommet for eit uavhengig og kritisk sivilsamfunn er nært ikkje-eksisterande, og det er store problem knytt til avgrensa ytringsfridom, arbeidsrettar, skeive sine rettar og strukturell diskriminering generelt. Fleire av oss som drar har både tenkt og snakka mykje om det saman.

Haugan understrekar at Changemaker jobbar med både klima og menneskerettar heile året. Dei ser det som viktig å delta på COP28 sjølv om det blir arrangert i Dubai, då dei har god kontakt med den norske delegasjonen og gode moglegheiter til påverknad som dei veit sivilsamfunn i somme andre land ikkje har.

– Difor ser vi det som særleg viktig at vi er der for å pushe Noreg til både høgare klimaambisjonar, men også minne emirata på kva forpliktingar dei har når det gjeld menneskerettane.

– Det ligg no an til at Verdsbanken blir vertskap for fondet og med det kan det kome nokre utfordringar. Vi meiner det er ekstremt viktig at pengane frå tap og skade-fondet skal kome til gode til dei som verkeleg treng det. Ofte handlar det om fattigare land med pågåande gjeldsbyrder som opplever dei verste konsekvensane av klimaendringane. Det er difor veldig viktig at ikkje pengar som blir gitt til tap og skade går gjennom lån, men gåvebaserte bidrag. 

Changemaker-leiaren har òg eit lite håp om at Noreg vil melde nye ambisjonar utover dei 14 milliardane som Noreg har levert på innan klimafinansiering. Noreg har nådd målet klimafinansiering innan 2026, men Haugan peikar på at mykje av det skuldast privat kapital.

– Det seier dessutan litt at vi allereie har «klart» det tre år før. Då er det kanskje noko gale med ambisjonen som burde liggje på 65 milliardar årleg dersom Noreg skulle følgt sitt historiske ansvar for å møte Parisavtalen.

– Kva ser de på som den største utfordringa under årets COP?

– COP-presidenten for dette møtet, Sultan Al Jaber, er toppsjef i eit av verdas største oljeselskap. Det er problematisk at ein oljesjef skal leie klimaforhandlingane, og vi fryktar at landa ikkje vil få til ei sterk slutterklæring på utfasing av fossile energikjelder. Det er stor sannsyn for at oljeproduserande land vil blokkere dette, men difor skal vi vere der for å pushe Noreg i riktig retning.


Natur og Ungdom

– Kva tenkjer de om at klimatoppmøtet blir arrangert i Dubai?

– I starten av denne veka blei det lekt dokument som tyder på at sjefen for klimatopp­møtet har planlagt å bruke COP28 til å sikre fleire fossilavtalar. Dette er svært alvorleg og at det kan svekke tilliten til heile klimatoppmøtet i ei tid der tillit på tvers av land og mellom befolkning og stat blir kravd for å finne ei løysning på krisa.

– I lang tid har dette sett ut som eit toppmøte som dryp av olje, og no får vi denne avsløringa oppå det heile. Det er skremmande og her må den norske delegasjonen ta eit tydeleg oppgjer med den slags undergraving av livsviktige forhandlingar, uttalar nestleiar Tuva Mjelde Refsum.

– Kjem de til å vere til stades fysisk i Dubai? 
Tuva Mjelde Refsum, nestleiar i Natur og Ungdom, framføre Tinghuset i Oslo. | Foto: Marthe Haarstad

– Nei, vi har ikkje prioritert å sende nokon i år. Dette handlar ikkje om boikott, sjølv om vertslandet har ein kritisk mangel på respekt for menneskerettane.

– Klimatoppmøta blir berre viktigare og viktigare arenaer som vi er nøydde til å bruke. Vi har seks år igjen på å halvere verdas utslepp og unngå katastrofale vippepunkt. Det vi treng, er ei felles forståing og avtale om å redusere bruk og produksjon av fossil energi.

Natur og Ungdom følgjer i år forhandlingane frå Oslo tingrett der dei saksøker staten saman med Greenpeace for ulovleg oljeforvalting.

– Medan Noreg møter resten av verda på klimatoppmøtet, møter staten i retten for å ha godkjent tre nye oljefelt utan vurdering av klimakonsekvensane i Det nye klimasøksmålet. Vi håpar dette også bidrar til å setje fokus på Noregs dobbeltmoral som oljeland i klimakampen, og kan skjerpe ærlegdommen og innsatsen til den norske delegasjonen.

Ho meiner det ikkje held å snakke om kol og «ureina fossil energi», og at ein må få inn tydelege forpliktingar for rike land om å omstille seg frå fossil energiproduksjon i god til før 2050.

– Det tryggaste for å nå klimamåla og for energimarknaden, er å få på plass internasjonale forpliktingar og samarbeid for å koordinere nedtrapping av både etterspurnad og produksjon av fossil energi. Vi forventar at Noreg anerkjenner og jobbar for dette. I tillegg treng vi større semje om finansiering av tap og skade.

– Kva ser de på som den største utfordringa under årets COP?

– Frå Noreg si side har staten for første gong valt å ta med seg oljeselskapa Aker og Equinor som reisekameratar og gje dei stor innflytelse på toppmøtet under dekke av å fremje grøne løysingar.

Ho etterlyser ein truverdig klimaplan med tydelege forpliktingar til å byggje ut det grøne frå selskapa. Natur og Ungdom fryktar at norske oljeselskap på toppmøtet kjem til å fremje ei urealistisk satsing på CCS (karbonfangst og -lagring) og at heile klimatoppmøtet blir ein grønvaskingsfest for fossilindustrien.

– Likevel kan det jo vere at Noreg i denne oljebyen møter seg sjølv i døra og ser at dei har akkurat same retorikk som dei andre oljelanda – alle skal satse på breiare løysningar, men også bli verdas siste oljeprodusentar. Dette går ikkje opp og Noreg må gå føre i å gjennomføre ei rettferdig grøn omstilling og la olja liggje.