Stor nedgang i talet på internasjonale studentar

Berre 49 studentar frå land utanfor EØS og Sveits starta på NTNU i Trondheim denne hausten. Det er 183 færre enn i fjor og ein nedgang på nesten 80 prosent.

NPK-NTB
Publisert

I fjor hadde NTNU 232 masterstudentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits, viser tal som blir lagt fram for NTNU-styret, melder Adresseavisen.

– Det er all mogleg grunn til å tru at det kjem av innføring av studieavgift. Eg ser inga anna forklaring, seier prorektor for utdanning Marit Reitan på NTNU.

Stortinget innførte studieavgift for alle studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits frå i haust. Det betyr at studentane må betale opp mot 500.000 kroner for eit studieår. Kravet frå Stortinget er at studieavgifta skal dekkje kostnadene ved ein studieplass.

Dei rimelegaste faga er fag på lågare grads nivå innan humaniora, samfunnsfag og økonomi, som kostar rundt 130.000 kroner året. Dyrast er profesjonsutdanninga i medisin og kunstakademiet ved NTNU, som kostar nesten 500.000 kroner året.