To av fem elevar på vidaregåande har opplevd seksuell trakassering

Det viser ny forsking frå Norges idrettshøgskole (NIH). - Tala viser at vi har ein haldningsjobb å gjere, meiner stipendiat.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Stipendiat Nina Sølvberg har i sitt doktorgradsprosjekt funne ut at svært mange elevar på vidaregåande skular, både med idrett og studiespesialisering, har opplevd seksuell trakassering.

39 prosent av elevane i studien hadde opplevd seksuell trakassering i løpet av eit år. Det er langt fleire jenter enn gutar som er råka.

– Det er flest som rapporterer at trakasseringa kjem frå vener, medelevar, lagkameratar/lagvenninner. Etter det kjem «andre» og trenarar, lærarar og helsepersonell, seier Sølvberg.

– Vi er nøydd til å ta tak i dette og utvikle førebyggingsarbeidet. Vi må lage førebyggande program for trenarar, lærarar, leiarar og andre som jobbar med unge, seier ho.

Stipendiat Nina Sølvberg har i sitt doktorgradsprosjekt funne ut at svært mange elevar på vidaregåande skular, både med idrett og studiespesialisering, har opplevd seksuell trakassering. | Foto. Norges idrettshøgskole.