Nynorskforfattarar vann Brageprisen

Frode Grytten vann prisen for beste skjønnlitteratur, medan Maria Parr vann prisen i kategorien barn og unge.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag kveld vart Brageprisen, ein av Noregs viktigaste litteraturprisar, delt ut.

Forfattar Ingvar Ambjørnsen var ikkje sjølv til stades, men fekk heidersprisen for forfattarskapet sitt. 67-åringen har trekt seg tilbake på grunn av helsa, men vart heidra av juryen som ein uredd skikkelse på litteraturens vegner.

Skjønnlitteratur

Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten vann årets Bragepris i kategorien skjønnlitteratur.

Grytten har latt seg inspirera av sin eigen morfar då han skreiv forteljinga om Nils Vik. Juryen meiner forfattaren har skrive «ei vakker, varm og rørande historie om det nære og enkle som livet består av, samstundes som den byr på store skildringar om venskap, kjærleik og død.»

Dei andre nominerte var:

  • Lars Ramslie: «Fjellet, geværet, vannet» (Oktober)
  • Vigdis Hjorth: «Gjentakelsen» (Cappelen Damm)
  • Oliver Lovrenski: «Da vi var yngre» (Aschehoug)

Frode Grytten vann Brageprisen for Bikubesong i 1999.

Barn og unge

I kategorien barn og unge var tre av dei fire nominerte nynorskbøker.

Oskar og eg av Maria Parr vann Brageprisen i kategorien barn og unge. Juryen meiner boka er stor forteljekunst som sklir tidlaust inn i samtida vår og at «Parr har ei eiga kjensle og eit eige språk for å skildra opplevinga av å vera born».

Oscar og eg er gitt ut på Samlaget, som hadde to nominerte i same kategori. Vinnarboka er illustrert av Åshild Irgens.

Dei andre nominerte var:

  • Sigmund Løvåsen: «Tusen elgar i garasjen» (Samlaget)
  • Ragnar Aalbu: «Kalde klover» (Gyldendal)
  • Inger Johanne Sæterbakk: «Hjartespreng» (Aschehoug)

Maria Parr har tidlegare vunne Brageprisen for Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet.

Sakprosa

Maskiner som tenker av partikkelfysikar og KI-forskar Inga Strümke vann i kategorien sakprosa. Juryen rosar vinnaren for å vera lettfatteleg med glimt i auge, samstundes som ho gjev «eit solid historisk overblikk og grundig innsikt i kunstig intelligens».

Dei andre nominerte var:

  • Anne Sverdrup Thygeson: «Skogen» (Kagge)
  • Ketil Slagstad: «Det ligger i blodet» (Press)
  • Jon Røyne Kyllingstad: «Rase. En vitenskapshistorie.» (Cappelen Damm)

Sakprosa barn og unge

Forfattar Ragnhild Holmås har skrive Ordenes hårreisende hemmeligheter, som er illustrert av Henriette T. Osnes for Aschehoug forlag. Juryen meiner teksta boblar av formidlingsglede og at den viltre leiken vert følgt opp visuelt i ei original og gjennomført bok som kan lesast om att og om att.

Dei andre nominerte var:

  • Anne Fiske: «Hvordan snakker man om døden?» (Cappelen Damm)
  • Jannicke Wiik-Nielsen, Line Renslebråten og Dag O. Hessen: «Tett på livet i vann» (Fontini forlag)
  • Kristin Storrusten og Victoria Sandøy: «Jeg elsker pinner. Og minst 89 grunner til at du også burde gjøre det» (Vigmostad & Bjørke)