Då eg var 20: Frode Grytten var «ei small town girl» frå Odda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.12.2020 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg las alt anna enn pensum, eg gjekk på filmklubben for å sjå altfor lange filmar i svart og kvitt, eg tråla platesjappene etter skattar, eg hadde håret høgt, eg gjekk sidelengs i vinden, eg gjekk baklengs i regnet, eg gjekk åleine, eg drøymde om å ligge med andre small town girls i bleik ekstase.

Slik skildrar forfattar Frode Grytten sin kvardag som student i Bergen i 1980. I desember feirar oddingen 60 år på jorda, men han hugsar framleis godt korleis det var å vere «ei small town girl frå Odda, som hadde reist til Bergen for å studere».

Berre tre år seinare skulle han debutere på Aschehoug med diktsamlinga med den passande tittelen Start, og resten av den litterære karrieren hans er blitt norsk allemannseige.

Så kven var eigentleg Frode Grytten (20)?

Hugsar du kva som skjedde?

Jo, eg blei immatrikulert på Universitetet i Bergen, men eg blei immatrikulert i livet. Eg studerte alt anna enn det eg skulle studere. Eg tok til å skrive, mest på tull, heilt på alvor, eg tok faktisk til å skrive. Eg skreiv som ein idiot. Far min kjøpte ei skrivemaskin til meg på ei sjappe i Kong Oscars gate, ei maskin med eit fargeband som gjorde at eg kunne skrive både i svart og raudt, det var pønkens fargar, og eg sat der på hybelen på ein elendig stol, full i adrenalin, skreiv og skreiv.

Kva lytta du til?

I oktober 1980 gjekk eg inn på ei platesjappe som låg ved Smørsbroen i Bergen og spurde om dei hadde fått den nye Talking Heads-plata, fyren bak disken var heilt skjelven i røysta då han skjønte at her var ein kunde som faktisk hadde peiling på musikk, fyren var tydelig rysta over kor god den der Talking Heads-plata eigentlig var, han mumla og stotra, eg hugsar det fordi eg tok plata med meg heim og hadde akkurat same sjokkopplevinga. Remain In Light er ei av dei beste platene som er laga nokon gong.

Frode Grytten er ikkje åleine om å hylla Talking Heads-plata «Remain In Light», som ei av dei beste gjennom tidene. «Once in a Lifetime» var ein av dei største hitane på plata:

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, det gjer eg ikkje. Og eg var neppe full, eg hadde ikkje tid til å drikke, eg hadde det så travelt med å halde på med ting og greier og greier, all slags opplegg, teikne, måle, skrive, lese, lytte på plater.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20 år?

Å stå i vindauget på hybelen på Laksevåg, å sjå lysa frå Bergen glitre i regnet, å glo på dei gatelysa oppe på Puddefjordsbrua, å ligge åleine på ein knallhard sovesofa, å sove i rom som ikkje var heime, å lengte etter verkelege hender, å lengte etter at det skulle ta til på alvor, å vakne til gjennomsiktige dagar, så ung, så dum, så tung.

Eit gamalt postkort frå Bergen med utsikt over byen og Puddefjordsbrua. Foto: Aune

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg hadde det blonde håret mitt høgt, eg gikk rundt i far min sine gamle dressar, eg såg i musikkblekkene at dei dressane mine likna dressane som medlemmene i The Clash hadde på seg, Strummer og Jones og Simonon hadde ein periode der dei kledde seg i slike gamle, ganske elegante dressar, så eg var meir enn klar for å bli med i The Clash, om dei skulle ringe hybelverten min og gi meg ein sjanse, eg kunne ikkje spele, men det kunne i grunnen heller ikkje dei karane i The Clash då dei tok til.

I mai 1980 kom The Clash til Noreg og spelte konsert på Chateu Neuf i Oslo. Frode Grytten var klar til å bli med i bandet om dei skulle ringja. Foto: Helge Øverås, Wikipedia

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg drøymde om byane eg las om, i bøker og i National Geographic, San Francisco, London, Tokyo, Lisboa, eg drøymde om å fly slik dei gjorde i annonsene frå Lufthansa, Pan Am, Air France, eg drøymde om å rage hundre meter over havflata, eg drøymde om dagar med mitt namn på.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Hmm. Potensiale. Slepp taket, Frode, grip handa mi, så flyg vi over byen. Du og eg.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Ingenting å vere redd for. Det kjem til å bli akkurat som i den boka du las.


Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat