Barnebokstjerna har ikkje noko ynskje om å sjå bøkene filmatisert internasjonalt, men skulle det skje kunne Leonardo DiCaprio etter kvart spela ein god bestefar.

Janne Nerheim
Publisert

– Eg er veldig glad i gode forteljingar. Bøker som eg kan forsvinne inn i. Men også brevvekslingar og biografiar står høgt oppe. Og morosame bøker som eg kan le av.

Det skriv barnebokdronning Maria Parr i ein e-post til Framtida.no.

Sunnmøringen har atter ein gong begeistra unge og gamle lesarar med sitt barnlege univers i boka Oskar og eg. Tidlegare har ho skrive moderne klassikarar som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet.

Me har teke ei kikk i bokhylla hennar, for å finna bøkene som forma ho:

 

Maria Parr

Alder: 42

Frå: Fiskå i Vanylven på Sunnmøre

Utdanning: Master i nordisk språk og litteratur

Yrke: Forfattar

– Kor mykje les du sjølv?

– Det går veldig i rykk og napp. No har eg hatt ein periode der eg ikkje har lese så mykje, og den blir nok avløyst av ein leseperiode.

Aller helst les ho i godstolen eller sofaen, men òg på nattbordet ligg det bøker.

Akkurat no er det Krabbekrise av Anna Folkestad, Ylva og villgeitene av Hilde Myklebust, Malla syklar av Eva Erikson og Bjørnis kjører brannbil av Rickard B. Heimen.

– Det er toåringen som bestemmer kva som skal ligge der, men han har god smak, forsikrar Parr.

Vi på Saltkråkan og Hardy-guttene

– Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Eg trur det var mest mamma som las til oss, og eg hugsar spesielt Vi på Saltkråkan, for då kosa mamma seg sånn. Men eg hugsar også godt høgtlesinga til læraren når vi åt mat på skulen. Det var kjekt å høyre på noko saman med klassen.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Nei, det veit eg ikkje. Men eg kan godt slå eit slag for seriebøkene eg las som barn – til dømes Hardy-bøkene. Eg hadde kjempefine lesestunder med dei.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Og bakom synger skogene, av Trygve Gulbranssen. Det var ei gammal bok eg fann i bokhylla til farmor og farfar ein gong eg var på påskeferie der. Eg vart soge inn i forteljinga frå bjørnejakta på dei første sidene, og det at boka var gammal og hadde gammaldags språk gjorde det berre enda meir magisk. Eg las i timevis om kveldane i den gamle stova deira den ferien, og kjem alltid til å hugse den leseopplevinga. Og jammen fanst det to bøker til!

Veggpryd

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– At den får deg til å føle eller tenkje noko som du tek med deg vidare i livet.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Åh, det er mange. Men akkurat no synest eg Billedhuggerens datter og Sommarboken av Tove Jansson står høgt på den lista. Det er sånn at ein nesten kunne henge kvar setning i dei bøkene opp på veggen.

Trille Danielsen Yttergård

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Til middag ville eg nok invitert ein av dei nolevande forfattarvennene mine. For dei ser eg for sjeldan og saknar ofte.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Nei, kven skulle det vere? Min eigen Trille Danielsen Yttergård er nok ikkje så langt unna.

Bestefar Leo

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Astrid Lindgren. Utan tvil.

– Kva av bøkene dine vil du helst sett filmatisert internasjonalt – og kven spelar hovudrollene?

– Eg har i grunnen ikkje noko ønskje om å sjå bøkene mine filmatisert internasjonalt. Tvert om. Men det er klart, at når Leonardo DiCaprio, min ungdoms filmstjerne, får eit par år til på baken så hadde han blitt ein strålande farfar.