Maratonhøyring om habilitetssaker
Tysdag starta høyringsprosessen knytt til habilitetssakene hjå kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
Tre tidlegare og ein sitjande statsråd vart kalla inn for å forsvara seg i saker knytte til habilitet, innsideinformasjon og aksjehandel. Desse var Erna Solberg (H), Ola Borten Moe (Sp), Anniken Huitfeldt (Ap), Anette Trettebergstuen (Ap), Tonje Brenna (Ap) og Jonas Gahr Støre (Ap).
Dei siste månadane har fleire saker kring inhabilitet blitt avdekt. Det resulterte i at Borten Moe, Huitfeldt og Trettebergstuen måtte gå frå ministerpostane sine.
Økokrim annonserte sist veke at dei ikkje ville opna etterforsking av aksjesaka til Solberg og ektemannen Sindre Finnes. I dei åtte åra ho var statsminister, kjøpte og selde ektemannen aksjar for om lag 125 millionar kroner, som Finnes nektar for at har vore basert på informasjon frå Solberg.
Under høyringa sa den tidlegare statsministeren at ho ikkje hadde nokon grunn til å mistru opplysingane ho fekk frå ektemannen, men at ho framleis har ansvaret for å avklara sin eigen habilitet.
– Eg burde ha spurt og grave meir om dette, sa Solberg under høyringa.
– Det inkluderer å ha kjennskap til forhold hjå ektemannen min som kan ha noko å seia for habiliteten min, meiner ho.
Etter høyringsrunden har fleire medlemmar av kontrollkomiteen ytra at dei er skuffa over Solberg sin labre innsats for å avklara eigen habilitet.
– Ho gjekk langt i å skubba ektemannen framfor seg og ikkje ta ansvar for at ho burde ha gjort meir for å oppklara kva slags økonomiske interesser ektemannen hadde, seier kontrollkomitémedlem Lan Marie Berg (MDG) til Dagsavisen.