Norsk student stengt ute frå universitetet i Warszawa etter Palestina-demonstrasjon

Ein norsk medisinstudent i Polen er utestengd frå universitetet ho studerer ved i Warszawa etter ein pro-Palestina-marsj i den polske hovudstaden 21. oktober.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Den norske kvinna heldt under demonstrasjonen opp ein plakat der det israelske flagget og davidsstjerna vart kasta i ei søppelbøtte saman med orda «Keep the world clean» («Hald verda rein» på norsk).

Dette skapte sterke reaksjonar og plakaten vart tolka som antisemittisk av fleire, inkludert den israelske ambassadøren i Polen og visestatsråd Pawel Jablonski i utanriksdepartementet i Warszawa.

Mogeleg lovbrot

– Det er ikkje plass til noka form for hatefulle ytringar eller vald ved det medisinske universitetet i Warszawa, skriv rektor Zbigniew Gaciong i ei fråsegn til nyheitsnettstaden Onet.

Han viser til at studenten vart innkalla på teppet første arbeidsdag etter hendinga for å forklare kva som hadde skjedd. På bakgrunn av dette opplyser Gaciong at han omgåande vedtok å suspendere henne.

Politiet er også varsla om saka for å undersøkje om plakaten utgjorde eit brot på polske lover.

Oppklara i TV-intervju

Under demonstrasjonen, som fann stad 21. oktober, vart studenten intervjua av den belarusiske nyheitskanalen Nexta. På spørsmål om det var meininga at banneret skulle bety at verda skulle haldast rein for jødar, nekta den norske studenten for dette.

– Nei, nei, nei, nei, svarer kvinna. Religionsfridom er også ein menneskerett, som vi støttar, men vi støttar ikkje den israelske regjeringa og etnisk folkemord på det palestinske folket. Vi elskar jødar. Jødar, kristne og muslimar. Plakaten handlar om den israelske regjeringa, Ikkje det israelske folket, svarte den norske studenten.

Ho bad seinare om unnskyldning for plakaten i ei melding i sosiale medium.

Israels ambassadør i Polen, Jacob Livne, erklærte likevel at banneret var «openberr antisemittisme» og oppmoda polske styresmakter til å ta affære.