Utdanningsforbundet seier nei til nasjonale prøver

Eit klart fleirtal på Utdanningsforbundets landsmøte har vedteke at nasjonale prøver på norske skular må avviklast. No håpar dei regjeringa følgjer etter.

NPK-NTB
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsforbundet-leiar Steffen Handal peikar på at nasjonale prøver i nesten 20 år har hatt høve til å forsvare sin posisjon i skulen utan å lykkast.

– Dei fungerer ikkje etter hensikta. Prøvene bidreg til skulestress hos mange elevar og blir opplevd som lite nyttige for lærarane. Det einaste rette er å avvikle prøvene, seier han.

I staden vil Utdanningsforbundet utvikle andre fagleg-pedagogiske verktøy som lærarar skal bestemme bruken av, og som skal skreddarsyast til pedagogiske formål og vere tilgjengeleg for alle skular.

Forventar at regjeringa tek grep

Handal meiner vedtaket torsdag er eit tydeleg signal til regjeringa som førstkommande måndag får sluttrapporten frå det regjeringsoppnemnde Prøitz-utvalet.

– Eg har store forventningar til at regjeringa no viser mot og politisk vilje til forandring og forbetring, seier Handal.

Prøitz-utvalet har vurdert dei ulike delane i kvalitetsvurderingssystemet, blant dei nasjonale prøver.

Ikkje betre resultat

Utvalet har i ein delrapport slått fast at ordninga er svært ressurskrevjande og bidreg til «målforskyving» i opplæringa. Den viser også at resultata til elevane ikkje har vorte betre dei nesten 20 åra norske skular har drive med nasjonale prøver.

Nasjonale prøver blir gjennomførte på hausten i 5., 8. og 9. trinn og skal bidra til å gi skulane kunnskap om dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane i lesing, rekning og engelsk.

Prøvene vart innførte i Noreg våren 2004 etter eit forslag frå det regjeringsoppnemnde Kvalitetsutvalet.