Regjeringa vil auke pensjonsalderen

Regjeringa vil auke pensjonsalderen gradvis. – Usosialt og urettferdig, meiner Raudt, som ikkje vil bidra til ei slik endring.

NPK-NTB
Publisert

For at pensjonssystemet skal vere berekraftig over tid, både for kvar og ein av oss og for statsfinansane, så må vi gjere justeringar framover, seier arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) til E24.

Pensjonsutvalet la i fjor fram forslaga sine til justeringar av pensjonsreforma frå 2011.

Der vart det foreslått at dagens aldersgrense på 67 blir erstatta med ei bevegeleg aldersgrense som aukar i takt med at forventa levealder aukar.

Til dømes må dei som er fødde i 1980, måtte jobbe til dei er 69 år – altså ein pensjonsalderauke på to år frå dagens grense.

Gradvis auke

Brenna og regjeringa er samde i at aldersgrensa burde aukast og seier at dei er samde i hovudtrekka i forslaget frå utvalet.

– Eg meiner det fornuftig å auke aldersgrensa gradvis. Gjer vi det for brått, vil det få nokre rare utslag, seier Brenna.

Pensjonsutvalet anslår at forslaget vil auke utgiftene mellom 19 og 22 milliardar kroner i 2060, samanlikna med referansebanen reforma frå 2011 la opp til.

No trur og håpar Brenna på å finne ei brei semje i Stortinget, sjølv om det finst enkelte misforhold mellom partia.

– Eg trur Stortinget er interessert i å finne breie forlik. Vi er heilt avhengige av eit system som ikkje skiftar frå statsbudsjett til statsbudsjett eller frå regjering til regjering, seier ho.

– Urettferdig, meiner Raudt

Raudt er likevel ikkje samd i forslaget og seier at dei ikkje vil vere med på å få på plass ein auke.

– Det er usosialt og urettferdig å auke pensjonsalderen. Eg hadde håpa at ein statsråd frå Arbeidarpartiet hadde forstått at arbeidsfolk i tunge yrke ikkje kan stå lenger i jobb berre fordi legar og advokatar i snitt lever lenger. Dette kjem dei aldri til å få Raudt med på, seier Raudts stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson.

Han meiner regjeringa ikkje har teke omsyn til såkalla «slitarar» som står i fysisk tunge yrke. Brenna erkjenner at denne gruppa finst og treng eit eigna pensjonssystem, men seier at det «ikkje berre er å peike ut ein statistisk masse».

– Det er ein hån mot arbeidsfolk at Brenna bråkjekt avviser kravet om eit slitartillegg med at gruppa er vanskeleg å peike ut statistisk, seier Kristjánsson.