Operasjon Dagsverk gir ungdomar arbeidserfaring: – Kjempebra! 

Laura Orvokki Kursula
Operasjon Dagsverk-elev
Publisert

Denne saka er skriven av vidaregåandeelev Laura Orvokki Kursula under årets Operasjon Dagsverk-kampanje.

– Det er veldig bra erfaring, seier Divyaasree Gnanamaragathavel (16).

Under årets Operasjon Dagsverk-aksjon 2. november hadde vidaregåandeeleven praksis hjå UngInfo i Oslo.

Hjelper unge

UngInfo er ein organisasjon som gir råd og rettleiing til unge menneske i Oslo, om tema som jobb, utdanning, bustad, helse og rettar, fritid og det å dra ut i verda. Hjelp til å finne jobb er det mest populære tilbodet deira.

I år har UngInfo tilsett fleire ungdomar frå vidaregåande skular i Oslo til Operasjon Dagsverk, eit prosjekt der elevar jobbar i éin dag til inntekt for prosjekt innafor velgjerdshjelpa. I år skal pengane gå til nytte for ungdomar i Colombia.

Hos UngInfo er har også medelev ved Blindern videregående skole, Chikondi Mwansa, praksis.

Ungdomane fann stillinga på Facebook-gruppa til UngInfo. Begge seier at det verka som eit godt høve til å få erfaring og ein post på CV-en. Noko av det som appellerte til Gnanamaragathavel var at jobben kombinerer «litt kontorjobb og litt sosial jobb.»

Vil jobbe

Medan Mwansa har jobba som hjelpetrenar i ein tennisklubb, har ikkje Gnanamaragathavel vore i lønt arbeid før. 16-åringen har likevel arbeidserfaring som frivillig på eit sjukehus og på ein kafé.

Trass dei ulike erfaringane deira hittil, er svaret på om dei vil jobbe meir etter Operasjon Dagsverk eit samrøysta «ja».

Gnanamaragathavel er òg sikker på at erfaringa frå denne dagen vil hjelpe ho vidare i arbeidslivet.

Ho meiner det er bra å jobbe med ungdom når ein sjølv er ungdom.

– Ein kjenner dei betre.

– Korleis opplever de at Operasjon Dagsverk fungerer som noko som hjelper ungdomar å få den første arbeidserfaringa si? 

– Kjempebra! 

Viktig nettverk

– Set det på CV-en. Skriv alt du gjorde, heilt konkret, seier Ann Helen Evertsen frå UngInfo.

Ho hyllar Operasjon Dagsverk som eit tiltak som er til stor nytte både for deltakarane og for samfunnet.

UngInfo-rådgjevaren har eitt klart råd til ungdomar som vil komme seg i jobb: Erfaring er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er nettverk.

Ho oppfordrar til å snakke med kjenningar som har kontaktar på moglege arbeidsplassar. Slik hamnar ein øvst på lista når det blir ei ledig stilling.

Samstundes peiker Evertsen på somme utfordringar som ungdomar kan møte når dei vil komme i jobb. Elevar på vidaregåande som leiter etter jobb konkurrerer ofte med studentar, som gjerne har eit føremon på arbeidsmarknaden.

Ifølgje ho har også mange arbeidsplassar i Oslo som kan vere attraktive for ungdomar krav om at tilsette skal vere over 18 år. Det stenger ute dei fleste vidaregåandeelevane.

I tillegg finst det stor ulikskap i sommarjobbtilboda mellom bydelane i Oslo, seier Evertsen. Alle bydelar i Oslo skal tilby sommarjobb til ungdomar, men ikkje alle har nok plassar. Det fører til at somme får ei ulempe i inngangen til arbeidslivet, på grunn av kor dei bur.

Nettverk, møt opp og følg bedrifter

Evertsen gir fem råd til ungdomar som skal søke etter den første jobben sin:

  • Nettverk er det aller viktigaste.
  • Ein bør prøve seg på jobbar der ein kan gå innom og søke, som butikkar og kino. Ta med CV og be om å snakke med dagleg leiar.
  • Følg bedrifter på sosiale medium; stundom legg dei ut stillingar på sosiale medium i staden for Finn og Nav.
  • Men bruk òg Finn, Jobbnorge og Nav!
  • Om ein gjer alle av desse på ein gong, har ein mykje betre sjanse på å lykkast enn viss ein berre bruker ein eller to av måtane.

Skil deg ut!

Når ein skal sende jobbsøknad, er det ein ting som er viktig: «Skil deg ut». Det er ei god investering å gjere seg flid med CV og søknad. CV-en bør komme fram som ryddig, og søknaden bør vise korfor du vil jobbe nettopp der

– UngInfo har malar på nettstaden sin for både CV og søknad. Fullkommen blir CV-en med eit portrett og eit blidt smil: Hugs at arbeidsgivaren òg er eit menneske! tipsar Evertsen i UngInfo.

Ho syner OD-elevane korleis dei bør leggje inn dagens arbeidserfaring på CV-en sin.

På spørsmål om kva dei vil rette karrierane sine mot seinare, svarar Mwansa at ho har ei stort interesse for psykologi, og drøymer om å jobbe med det.

Gnanamaragathavel har ikkje etla seg til noko fagområde enda, men ønsker seg den jobben som alle bør ha høve til å ta:

– Ein eg er glad i og som eg er ordentleg interessert i.