Operasjon Dagsverk 2023 skal støtte ungdom i Colombia: – Handlar om liv og død

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Elevtinget måndag vart det bestemt at årets OD-dag skal samle pengar til å støtte ungdom i Colombia.

Prosjektet heiter «Ungdom ut av skotlinja» og vert leia av Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

Bilete av Selma Bratberg.

Selma Bratberg er nestleiar i SAIH.
Foto: SAIH

– For desse ungdommane handlar det om liv og død, og det å ha ei framtid å sjå fram til, seier SAIH-nestleiar Selma Bratberg på telefon til Framtida.no.

Ho peikar på at unge i Colombia lever under vanskelege forhold med mykje vald og konflikt i nærområda.

Fredsavtale, men framleis væpna vald

Det er seks år sidan fredsavtalen mellom regjeringa i Colombia og FARC-geriljaen, dei revolusjonære væpna styrkane, kom på plass.

Avtalen skulle setje punktum for borgarkrigen som hadde herja i landet i meir enn 50 år. Men trass i fredsavtala held den væpna valden fram.

Ifølgje Flyktninghjelpen bur over seks millionar menneske i område kontrollerte av ikkje-statlege væpna grupper. Det er 12 prosent av befolkninga i landet.

I søknaden sin peikar SAIH på at colombiansk ungdom står i skotlinja mellom ulike geriljarørsler, kriminelle bandar, paramilitære grupper, politi og militæret.

Vil skape eit alternativ til væpna grupper og narkobandar

Årets OD-prosjekt skal bidra til at unge colombianarar får definere si eiga framtid.

SAIH skal samarbeide med fire colombianske organisasjonar: El Consejo Regional Indígena del Cauca (CRIC), Cxhab Wala Kiwe (ACIN), Proceso de Comunidades Negras (PCN), Asociacion Nacional de Estudiantes Secundaria (ANDES).

Det er to urfolksorganisasjonar, ein afrocolombiansk organisasjon og ein elevorganisasjon.

– Det vi ønskjer med prosjektet er å støtte desse organisasjonane i å skape eit alternativ til dei væpna gruppene og narkobandane i landet. For vi veit at unge – om dei ikkje har noko anna å gå til – lett kan verte rekrutterte, seier Bratberg.

Organisasjonane arbeider òg mykje med diskrimering og rasisme, noko som råkar både colombianske urfolk og afrocolombianarar.

OD-prosjektet har som mål å gjere unge betre rusta til å stå imot tvangsrekruttering og ein kvardag prega av vald og kriminalitet. I tillegg vil prosjektet gjere unge i stand til å setje utdanning og fredsbygging på agendaen.

Andre gong

Dette er andre gong Operasjon Dagsverk-støtta går til Colombia.

I 2016 leia SAIH OD-prosjektet «Utdanning for fred i Colombia». Det skulle bidra til at colombiansk ungdom har trygge skular og lokalsamfunn og kjenner rettane sine. Til saman vart det då samla inn rett over 23 millionar kroner.

Med årets prosjekt reknar SAIH med at dei kan nå 10 000 unge colombianar i løpet av 4 år.


Lidia ligg på ei seng med ein labrador retriever.

Lidia med hunden Michael som no er med besteforeldra. Foto: Privat