«Relevant erfaring» og CV: «Er ikkje motivasjon ein god grunn til å få jobb?»

Jakob Borgen og Ane Sødal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribentane sine eigne haldningar.

Vi høyrer ofte frå arbeidsgjevarar at dei ønskjer seg ungdom som er motivert for å lære noko nytt, og har lyst til å tene litt pengar ved sidan av skule eller studium. Dette er ungdom vi i UngInfo møter dagleg i vårt infosenter.

Likevel kvir dei seg litt for å søkje på stillinga, fordi når stillingsutlysinga kjem, så ser alt plutseleg mykje vanskelegare ut.

«Relevant erfaring»

Sjå føre deg at du er 19 år. Du er ferdig på vidaregåande og funderer over mogelege karriereval.

Du veit ikkje heilt kva du vil. Noko vil du likevel gjere. Du googlar deg fram, blar gjennom Finn, Jobbnorge, Nav. Nokon har ein gong fortalt deg at desse stadane skal vere din inngang i arbeidsmarknaden. No får du ikkje napp.

Alle jobbannonsar krev «relevant erfaring». 

Du minst den gongen du var 16. Du var på utkikk etter ein deltidsjobb ved sidan av skulen. Du var ikkje 18. Dette var som regel eit krav. På den tida kunne du sjølvsagt ikkje oppnå dette kravet. Likevel, du tok tida til hjelp og i kraft av å vere til, så vart du 18.

No var problemet CV-en. Det var tilsynelatande ikkje så mykje på den som var «relevant». 

Illustrasjon Sketchify Philippines/Canva

Motivasjonen for jobb er der endå, men framleis sit du framfor CV-en, som meir enn nokon gong verkar tom.

Det er ein gjengangar vi ser, arbeidsgjevarar som skriv stillingsutlysingar som nærast verkar avskrekkande for ungdom å skulle søkje på.

«Vi ser etter deg med relevant arbeidserfaring», «du må vere fleksibel», «du må vere serviceinnstilt og vete korleis du handterer kundar», «du må ha erfaring med kassearbeid». 

Vi som jobbar i UngInfo merkar oss at jobb er noko dagens ungdom er veldig opptekne av. Jobb er det mest etterspurde tilbodet hos oss, og over 60 prosent av all rettleiinga vi har handlar om dette.

Besøk i senteret og digitale førespurnadar gjev eit tydeleg signal om at osloungdom har lyst til å jobbe, motivasjonen er der!

Det er ikkje vanleg å ha arbeidserfaring som 16-åring!

Mange unge på jakt etter sin første jobb, veit ikkje at det er heilt ok å skrive at dei ikkje har den erfaring dei spør etter, og at dei søkjer på jobben nettopp for å skaffe seg den erfaringa.

Ofte er arbeidsgjevarar positive til dette, men det kjem ikkje fram i utlysinga. I mengda av alle krav kan det verke som arbeidsgjevar eigentleg ikkje ønskjer å gje dei den erfaringa.

Det å få den første jobben, den kjensla av meistring som ein jobb gjev. Den vissa om at den erfaringa du ikkje har, er den du ikkje har skaffa deg enno. Jobb er til for å skaffe nye erfaringar og lære. Det er her dei første stega vert tekne, der grunnlaget for framtidig arbeid vert lagt. Det å vidareutvikle seg for å ta steget vidare frå den første jobben, eller finne ut at ein skal ta ei utdanning, som deretter vi opne nye og spennande dører.

Men kanskje aller viktigast for den tryggleiken om at arbeidslivet er oppnåeleg, uansett korleis CV-en din ser ut når du er 16 år.

Kor er utlysinga som seier at motivasjon er nok?

Vi ser ofte at dei første jobbane unge får, er gjennom nettverk. Kanskje fordi ein person som kjenner nokon, ofte får fortalt at det meste kan verte lært.

Dei som derimot ikkje kjenner nokon, må bla gjennom utlysing etter utlysing der det står opp og ned om alt du skal gjere, og alt du skal kunne.

Det er heilt naturleg at noko ein ikkje har gjort før, verkar mykje vanskelegare enn det det faktisk er. Det er her stillingsutlysinga kan verte eit hinder for unge som føler at CV-en deira ikkje når opp. Når utlysinga fokuserer på alt du bør kunne, framfor alt du skal lære og oppdage.

Kva om det stod tydelegare i stillingsutlysinga at det meste kan verte lært, og det viktigaste er motivasjonen for å prøve noko nytt?

Vi i UngInfo møter mange ungdom med motivasjon, kunnskap og evna til å lære som hadde søkt på den jobben.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Foto: Statsraad Lehmkuhl, Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl