Etter fem år som lærar har han landa på at yrket er perfekt for han.

Frida Tvedte Matre
Publisert
Oppdatert 13.11.2023 09:11

– Eg har nok alltid visst at eg har lyst til å jobbe med menneske, og at eg vil jobbe med formidling i ei eller anna form, fortel Christoffer Cabiao.

31-åringen frå Lørenskog er utdanna lektor i norsk, og jobbar som lærar på ungdomsskulen han sjølv gjekk på for rundt 16 år sidan, Løkenåsen skule.

– Eg jobbar faktisk med ein del av dei lærarane som jobba der då eg gjekk der, ler han.

 

Om Christoffer

Namn: Christoffer Cabiao

Alder: 31 år

Frå: Lørenskog. Bur i Oslo

Yrke: Lektor i norsk. Jobbar som ungdomsskulelærar på Løkenåsen skule i Lørenskog

Utdanning: Mastergrad i norsk didaktikk frå Universitetet i Oslo og fagskulegrad i reklame- og merkekommunikasjon frå Noregs Kreative Fagskule

Jobb før fullført master

Jobben på Løkenåsen er den første ordentlege lærarjobben han har hatt. Den fekk han allereie medan han skreiv mastergraden sin. Det gjekk med andre ord raskt frå han leverte sluttoppgåva i juni 2018 til han stod klar i klasserommet for å undervise ungdommane to månadar etter.

– Sluttinnspurten når ein skriv master kan jo vere ganske stressande, så det var deilig å ha det klart at eg hadde ein jobb som venta på meg. Det var sikkert ein bonus at eg hadde gått på denne ungdomsskulen sjølv, seier han.

Christoffer Cabioa som ungdomsskuleelev

Christoffer Cabiao frå årboka då han sjølv gjekk i 10. klasse på Løkenåsen ungdomsskule. Foto: Privat

Cabiao har alltid visst at han ville jobbe med menneske. I tillegg likar han formidling, og han fann difor ut at læraryrket kunne passe.

Etter fem år som ungdomsskulelærar har han landa på at yrket er perfekt for han. Han peikar på nettopp det å få vere så mykje med ungdommar som det beste med jobben.

– Eg får både energi og inspirasjon av det. Eg føler at eg lærer mykje av elevane mine. Så det er nesten litt motsett, for det er jo eigentleg eg som skal lære dei. Å få lov til å jobbe med ungdommar er absolutt det beste.

Samstundes legg han til at det ikkje er ei hemmelegheit at det til tider også kan vere krevjande.

– Det er det beste, men det er også det mest utfordrande, svarar 31-åringen medan han ler.

Mykje av det trur han ligg i at det også er krevjande å vere ungdom.

– Me som vaksne på skulen gjer jo vårt beste for å prøve å rettleie dei på forskjellige nivå både fagleg og sosialt, men av og til kan det vere utfordrande. Som lærar må du gå inn i mange roller i løpet av ein dag, ut frå kva elevane treng frå deg. Det er ikkje alltid at du berre er pedagog eller undervisar. Av og til må ein berre setje seg ned og lytte og vere ein samtalepartnar dersom det er det dei treng.

Utfordringar i starten

Det at læraryrket ville vere utfordrande, var samstundes noko Cabiao var førebudd på. Som lærarstudent får ein gjerne høyre om «prakissjokket», som handlar om den tunge overgangen frå utdanning til yrke.

– Eg visste at dei første åra kom til å vere tøffe. Det var dei også. Det var ein del utfordringar i starten, når ein er nyutdanna og fersk, og skal lære seg alle dei nye tinga.

Han fortel at utdanninga førebur deg godt på det faglege i yrket, men at andre delar kan vere framande i byrjinga.

– Eg var litt bekymra og spent på relasjonsbygginga og det menneskelege aspektet av det å vere lærar, for det følte eg ikkje at eg hadde følt så mykje på før eg byrja. Det å skulle vere ein rettleiar var eg litt usikker på i starten, men no synest eg det er den morosamaste delen av yrket.

Profilbilete av lærar Christoffer Cabiao

Cabiao fortel at overgangen frå student til nyutdanna lærar var stor, men at flinke folk rundt han raskt gjorde han trygg i lærarrolla. Foto: Smil Foto AS

Følgjer ungdommane gjennom ungdomstida

Cabiao følger alle elevane sine frå dei byrjar i åttande klasse til dei går ut av tiande, og er difor lærar på alle årstrinna. Han har følgt tre kull til tiande klasse, og det å kunne sjå elevane utvikle seg gjennom ungdomstida, er det mest utrulege som hender han på jobb.

– Det er jo eigentleg det å ta i mot elevar når dei byrjar i åttande klasse. Då ser ein at dei kan vere veldig redde, usikre og nysgjerrige. Og så får ein lov til å følgje dei heilt til vitnemålutdelinga i tiande klasse, der dei står med diplom i handa, og ein sender dei ut i den store verda. Det å få vere med på den reisa, og få følgje dei i dei åra som er veldig korte, men som er viktige år i livet, det er noko av det mest utrulege med å vere lærar.

Få dagar som er like

Dagane som ungdomsskulelærar er som regel fylt opp av faste gjeremål, som planlegging, undervisning, etterarbeid og møte, men likevel er det få dagar som er like. I realiteten skjer det uventa ting som ofte endrar på rutinane.

– Det kan vere at det er noko på nyheitene som me berre må snakke om i timen, eller at ein elev stiller eit heilt genialt spørsmål, og at me endar opp med å undre over og diskutere det temaet halve timen. Det kan også vere at klassen kjem tilbake frå eit friminutt med mykje energi, og for å utnytte den, må eg kaste frå meg det opplegget eg hadde planlagt, og så brukar eg den energien til å gjere noko anna.

– Ting går sjeldan akkurat slik som ein planlegg, men det er jo også det som er gøy. Dagane består av dei same tinga, men det skjer uventa ting heile tida. Som lærar må ein vere litt førebudd på det. Dersom ein klarar å utnytte det, så kan det bli heilt magisk, legg han til.

Fakta om lektoryrket

Stilling: Lektor er ein lærar som har ein femårig mastergrad frå universitet eller høgskule. Ein lektor underviser vanlegvis i eitt eller to fag som han eller ho har fordjupa seg i. Med lektorutdanning kan ein både jobbe som lærar på vidaregåande- og ungdomsskule.

Utdanning: Det er fleire måtar å bli lektor på. Anten kan ei ta femårig lektorutdanning i eit spesifikt fag, ta ei femårig i grunnskulelærarutdanning eller ta ein mastergrad i eit skulerelevant fag i tillegg til eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Her kan du lese meir om opptakskrava for sjølve lektorutdanninga!

Gjennomsnittleg årsløn:

  • Universitets- og høgskulelektorar: 641 540 kroner
  • Grunnskulelektorar: 592 800 kroner
  • Lektor på vidaregåandeskule: 630 360 kroner

 

Kjelde: utdanning.no

Fleire hundretusen visningar

Nokre kjenner kanskje allereie til delar av arbeidskvardagen til Cabiao. Han har nemleg TikTok-profilen @norsk_chris, der han viser korleis det er å vere lærar til sine rundt 34 500 følgjarar.

Dette byrja som ei følgje av pandemien, då han skjønte at det ville vere lenge før han såg elevane sine igjen.

– Elevane mine hadde masa på meg om at eg måtte prøve appen. Så eg lasta han ned, og tenkte at eg kunne oppdatere om kva eg gjorde som lærar medan det var heimeskule. Det vart ein mykje større suksess enn det eg hadde sett for meg. Eg nådde mange fleire enn dei eg tenkte at eg skulle nå. Eg trudde kanskje at det var sånn 20 stykk frå klassen som skulle følgje meg, forklarar han.

På profilen prøver han å ha sjølvironi rundt lærarrolla, og tek fram morosame situasjonar frå klasserommet som folk kan kjenne seg igjen i. Det kan vere alt frå «A day in my life» som lærar, til «Point of view» frå ein elev. Nokre av videoane har fleire hundretusen visningar.

Eksponeringa frå TikTok-profilen har opna fleire dører for han.

– Eg har fått mange mogelegheiter. For eksempel fekk eg vere med på direktesendt undervisning på TV 2 Elevkanalen, og var digital lærar i ei heil veke. Dei fann meg gjennom TikTok. Eg har også fått halde diverse føredrag for lærarstudentar om korleis det er å vere lærar.

Elevane hans har uttrykt at dei likar innhaldet han legg ut på TikTok. No når han ikkje legg ut Tiktokar like ofte, spør dei etter fleire oppdateringar.

– Det er sånn det er med alt, det er kjekkast i starten. Men eg trur dei synest det er morosamt.

«Those who can’t do, teach»

På spørsmål om kva feiloppfatningar han trur at folk har om læraryrket, trur Cabiao at dei fleste er godt kjende med jobben. Han trur heller at folk har feil inntrykk av kvifor lærarar blir lærarar. Her trekker han fram uttrykket «Those who can’t do, teach».

– Det seier at dei som ikkje får til det dei vil, dei endar opp med å undervise. Det er litt humor i det, men det får det til å høyrast ut som at mange lærarar endar opp som lærarar som andreval. At dei på ein måte har ein annan lidenskap, men ikkje nådde det målet, og så endar dei opp som lærarar og underviser om det temaet i staden.

Oppfatninga hans er at det ikkje stemmer.

– Eg opplever at dei aller fleste brenn for det faget dei underviser i. Det gjeld absolutt for meg også.

Og å ha lidenskap for faget er noko av det 31-åringen meiner trengst for å bli lærar.

– For å bli lærar treng du to ting. Det er lidenskap for faget ditt, og eit ønske om å jobbe med ungdommar. Det er også ein bonus dersom du er ein god formidlar, men det er ikkje noko du må ha med deg frå starten av. Det kjem med erfaring og utdanninga. Du må ikkje vere verdas beste formidlar med ein gong, det blir folk etter kvart, avsluttar han.

Todelt bilde. Eine sida er det bilde av bryllaupsdekorasjonar, andre sida er bilde av ein gutt med brunt hår og briller.

Bawer Abbasi jobbar som bryllaupsplanleggar samtidig som har er student. Foto: privat / NRK