Samtidig som han studerer journalistikk, arbeider Bawer Abbasi som bryllaupsplanleggar.

Marie Wilberg
Publisert

Samtidig som han studerer journalistikk, arbeider Bawer Abbasi som bryllaupsplanleggar.

– Eg har alltid vore kreativ. Då eg var liten likte eg å teikne og drive med kunst og handverk, seier Bawer Abbasi i telefonen til Framtida.no.

Familien hans i Lillestrøm opna bryllaupslokalet dei driv saman i 2020, etter at dei hadde drive eit bakeri i om lag 20 år. Då var det naturleg for den då 16 år gamle Abbasi å vere med.

– Kvar gong nokon hadde bursdag eller ei anna feiring var det alltid eg som var med å pynte, blåse ballongar og stelle i stand. Eg har alltid hatt auge for det, seier Abbasi.

Det er faren og onklane til Abbasi som driv bedrifta, saman med fleire folk Abbasi meiner har blitt som familie.

– Etter kvart som eg fann ut at eg treivst godt med det, og greidde det ganske bra, blei det berre sånn at eg fekk ansvaret for å drive det.

Han trur derimot ingen hadde klart å drive ei slik bedrift aleine.

Det krev veldig mange hender og mange hovud, fortel Abbasi. 

– Ikkje berre å tenne lys og sette opp blomstrar

Abbasi fortel at mange trur at det er ein avslappa jobb, og at det ikkje er stressande eller fysisk tungt.

– Det er ikkje berre å tenne lys og sette opp nokre blomstrar, seier Abbasi. 

Han fortel at mykje av arbeidet er opprigg og nedrigg av bord, stolar og dekorasjonar, og mykje flytting og bering fram og tilbake.

Men det er ikkje i denne enden han startar når han får ein ny kunde.

– Det første eg gjer er å bli kjent med personane eg jobbar med.

Abbasi seier at ønska er utruleg forskjellige frå brudepar til brudepar, og frå kultur til kultur. 

– Det er for å finne ut kva dei føretrekker, kva dei liker og kva dei misliker, seier han.

Eit pådekka bord med ein stor blomsterdekorasjon på midten.
Abbasi starta sin karriere som bryllaupsplanleggar som 16-åring. Foto: privat
Brudepara i seg sjølv er ein inspirasjon i arbeidet Abbasi gjer. Foto: privat

«Korleis er du bryllaupsplanleggar når du er 19 år?»

Dersom ein ønskjer å bli bryllaupsplanleggar, kan ein til dømes utdanne seg til arrangementsplanleggar. Men det er ikkje denne utdanningsvegen Abassi har gått.

Han har nemleg akkurat starta første året på journalistikk på OsloMet. Når han seier kva han jobbar med til dei nye studiekameratane sine, blir dei ofte overraska.

– Mange spør kvifor eg ikkje studerer noko innanfor jobben min, seier han. 

Dette har han ein tydeleg tanke om.

Eg føler eg lærer nok ved å gjere dette, så eg hadde veldig lyst til å studere noko heilt anna. 

Abbasi tek denne utdanninga no, slik at han har noko anna å gjere dersom han gir seg som bryllaupsplanleggar.

– Og så har eg alltid syntest det har vore gøy med TV-produksjon og intervju. Det verkar veldig kreativt og gøy, legg han til. 

Alderen til Abbasi er også noko som vekker reaksjonar.

Det er mange som spør «Korleis er du bryllaupsplanleggar når du er 19 år?». 

Han fortel også at folk blir sjokkert av yrkesvegen han har gått som gut.

– Mange som tenker på ein bryllaupsplanleggar, tenkjer på ei kvinne, seier Abbasi.

Bryllaup kvar helg

No har Abbasi arbeidd som bryllaupsplanleggar i tre år. I løpet av den tida trur han at han har planlagt over 100 bryllaup.

No har det vore tre månader der eg har hatt eitt, to eller tre bryllaup kvar einaste helg, seier han. 

Grunnane til at kalenderen går opp, er veldig lange dagar og mykje planlegging.

– Det er ikkje alltid eg rekk alt, så det må nokon gongar gå ut over søvn, skule eller fritid.

Abassi fortel at han har greidd å balansere skule, jobb, fritid og familie.

– Det er noko eg er veldig stolt av at eg har fått til, seier 19-åringen.

– Prøv deg fram

Abbasi seier det er viktig å kunne planlegge dagane sine godt og like å ha det hektisk, dersom ein ønsker denne jobben. Han trur i tillegg det er viktig å vere kreativ og ha auge for design.

Den unge bryllaupsplanleggaren seier at ein til dømes kan starte med å planlegge små arrangement.

Det kan vere alt frå 10-årsbursdag til veslesøster. Viss du veit om nokon som skal feire, bli med og planlegg. 

Han anbefaler også å bruke nettet.

Eg har sett masse YouTube-videoar, TikTok-videoar og bilete på Pinterest som gir meg inspirasjon. 

– Berre prøv deg fram, oppmodar han.

 


Les også: Yrket mitt: Klimentina (26) jobbar med klimasøksmål

Dame med brunt, krøllete hår og kvit genser.

Klimentina Radkova er fagrådgjevar i Greenpeace Norge. Foto: privat