Ny tampong skal testa for kjønnssjukdommar

Tampongen er meint å gjere testing meir behageleg.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Det er oppstartsselskapet Daye som har utvikla den nye tampongen.

Nyoppfinninga skal både fungera som ein heilt vanleg tampong, i tillegg til som PCR-test for eit mangfald av plager som kan råka underliv, skriv The Guardian. Desse plagene inkluderer både kjønnssjukdommar som klamydia og gonoré, i tillegg til bakteriell vaginose, trøske og andre plager.

I ei pressemelding skriv Daye at målet med nyoppfinninga er å gjera det meir behageleg og mindre eksponerande å testa seg for seksuelt overførbare infeksjonar, i tillegg til å gjera prosessen raskare frå prøvetaking til testresultat.

– Målet med testsettet er å gjera diagnose og behandling raskare, spesielt blant pasientgruppene som er engstelege eller flaue over å testa seg, skriv selskapet.

Selskapet trur bruk av tampongar er ein meir behageleg måte å testa for kjønnssjukdommar, ettersom mange allereie er godt vande med å bruka liknande produkt.

Bommullspinnar er ein av dei vanlegaste måtane å testa for kjønnssjukdommar. | Foto: Testalize.me via Unsplash

Privat affære

Daye-tampongen skal brukast som ein elles ville brukt ein vanleg tampong. Avsporinga skjer når ein er ferdig med tampongen.

Heller enn å pakka han inn i toalettpapir og kasta han i bosset når ein er ferdig med han, skal den brukte tampongen forseglast i ein pose og sendast til testing på Daye sine eigne laboratorium.

Tampongane er foreløpig berre tilgjengelege i Storbritannia og USA, men Daye planlegg å utvida til Europa om kort tid.

Kraftig auke i Noreg

Nordmenn har lenge vore i verdstoppen når det kjem til enkelte kjønnssjukdommar. Spesielt er klamydia og gonoré kraftig utbreidd blant nordmenn under 25 år. Sjølv om talet på infeksjonar gjekk ned under pandemien, skaut førekomsten av infeksjonane opp igjen etter pandemien.

– Hjå oss har det vore ein auke i seksuelt overførbare infeksjonar frå 2022, samanlikna med 2019. Klamydia er den mest utbreidde kjønnssjukdommen, og i 2022 var det 12,6 prosent av prøvane som var positive, samanlikna med 2019, då talet var 11,2 prosent, seier gynekolog Siri Kløkstad hjå Sex og samfunn til Sykepleien.no.

– Noreg er i verdstoppen i førekomsten av klamydia, sett i forhold til tal på innbyggjarar. Det må me gjera noko med, seier Kløkstad.

Kunnskap, kondom og testing

Overlege Anne Olaug Olsen ved Folkehelseinstituttet (FHI) vart ikkje overraska over auken i smittetilfelle.

– Kunnskap om seksuelt overførbare sjukdommar er viktig. Og så er heilt klart kondombruk avgjerande for å snu trenden. Det er viktig at folk testar seg viss dei har vore i ein situasjon der dei mistenker at dei har blitt smitta, fortel overlege ved FHI Anne Olaug Olsen til NRK.