Nordland fylke vil la elevar droppa sidemål på vidaregåande
Fylkesrådet i Nordland vil søka Utdanningsdirektoratet om å prøva ut valfritt sidemål i den vidaregåande skulen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at fylkesrådet i Nordland har søkt Udir om å prøva ut valfritt sidemål. Dette er no retta til at dei vil søka.
Fylkesrådet i Nordland vil søka Utdanningsdirektoratet om å få prøva ut ei ordning med valfritt sidemål i den vidaregåande skulen. Det melder NRK Nordland.
Borgarleg fylkesråd
Etter kommune- og fylkestingsvalet fekk Nordland for første gong i historia eit borgarleg fylkesråd, sett saman av Høgre, Frp, Venstre og Senterpartiet.
Høgre sin fylkesrådsrepresentant Maria Strand Munkhaug (20) håpar fylkeskommunen får gjennomslag for søknaden om å la elevane velja sjølv om dei vil læra sidemål på skulen.
– Dette har vore ei kampsak for meg i mange år, så det er veldig kjekt at vi har fått det inn i plattforma som eg har vore med å skrive. Det er veldig stas, seier ho til NRK Nordland.
Høgre-politikaren fortel at dei vil jobba hardt opp mot Utdanningsdirektoratet for å få gjennom ein slik søknad i løpet av dei neste fire åra.
Udir opnar berre for prøveprosjekt
I Nordland fylke har over 98 prosent av elevane bokmål som opplæringsmål. For dei fleste vil det difor vera nynorsk dei har høve til å velja bort om fylket får viljen sin.
Utdanningsdirektoratet (Udir) opplyser til NRK at opplæringslova opnar for prøveprosjekt, men ikkje ei permanent løysing med valfritt sidemål.
– Opplæringslova opnar ikkje for eit permanent og generelt fritak, det vil seia for alle elevar i ein fylkeskommune, skriv pressekontakt i Udir, Doris Amland til NRK.