Berre eitt av 157 statsorgan følgjer språklova
For andre år på rad er det berre Medietilsynet som har følgt kravet i språklova om at statlege verksemder vekslar mellom bruk av bokmål og nynorsk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noreg har to skriftspråk, og då må begge bli brukte og vere synlege for folk flest. Dei statlege verksemdene har eit særleg ansvar for å bidra til det, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.
– For oss er det viktig å følgje opp den statlege språkpolitikken i praksis, seier ho.
Det er Språkrådet som kontrollerer korleis statlege verksemder oppfyller krava i språklova. Lova krev mellom anna at sentrale statsorgan skal veksle mellom å bruke bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale som nettsider, rapportar og innhald i sosiale medium.
Det er til dømes krav om at minst 25 prosent av innhaldet skal vere på kvart skriftspråk.