Natalie Bentzen (33) meiner fleire burde vurdere handverksyrke når dei skal ta val for framtida.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Samfunnet er på veg dit at vi skal reparere meir. Då er det behov for fleire handverkarar, seier Natalie Bentzen (33).

Ho er lærling som møbeltapetserar hos Puffen Møbeltapetserverksted i Oslo. Verkstaden tar inn alt frå nyare møblar til gamle antikvitetar. Der får møblane nytt ytre, og av og til også nytt indre.

– Eg likar veldig godt å sjå at det eg driv med, faktisk blir til noko, seier ho.

– Ulikt frå dag til dag

Natalie Bentzen brukar krølla hestehår som stopping i sofaryggen. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Bentzen har alltid likt å halde på med handarbeid og vere kreativ, men valde først medium og kommunikasjon og marknadsføring som studieveg. Etter studia byrja ho å jobbe med arrangement, men:

Faren hennar driv eit båtbyggeri som også tar på seg oppdrag med møbeltapetsering. Då foreldra flytta inn i eit gammalt, verneverdig hus, fann dei gamle møblar som dei byrja å få pussa opp. Natalie og tvillingsøstera fatta stor interesse for arbeidet, og båe to bestemte seg for å ta eit kurs i møbeltapetsering for å sjå om det kunne vere noko å drive med vidare. Etter kurset byrja begge i lære hos kvar si bedrift.

Eg skjøna fort at eg ikkje hadde lyst til å sitje på eit kontor.

No har det gått vel 2,5 år sidan læretida starta, og Bentzen er svært nøgd med valet. Ho har eitt år igjen før ho skal ta sveinebrev.

– Eg hadde ikkje sett for meg kor ulikt arbeidet er frå dag til dag. Eg er veldig glad for at læretida er så lang, så ein får møte på mykje forskjellig. Eg kjem framleis til å møte på nye utfordringar når eg byrjar på min eigen verkstad. Eg trur ein lærer heile vegen i dette yrket, seier ho.

Møbeltapetserar

  • For å bli møbeltapetserar må du gå i lære i minst tre år.
  • På vidaregåande skule kan ein ta faget Handverk, design og produktutvikling, og sidan gå ut i lære. Eventuelt kan ein gå direkte inn i ei 4-årig læretid.
  • Møbeltapetserefaget er rekna som verneverdig og truga. Kunnskapane er i fare for å døy ut på grunn av mangel på ny rekruttering.

Kjelder: Utdanning.no; Utdanningsdirektoratet

Få møblar er like

Det finst inga formell utdanning i møbeltapetsering. Bentzen er tilsett i tradisjonshandverkavdelinga til Museene i Akershus (MiA), som utdannar lærlingar i ulike tradisjonshandverk, som smed, treskjerar, sølvsmed og liknande, og har ein lærlingkontrakt med fylkeskommunen.

MiA tilbyr læretid i 31 ulike handverksfag og har i dag 60 lærlingar og sveinar.

Variasjonen er noko av det Bentzen synest er kjekkast med jobben. Det er slett ikkje nokon samlebandproduksjon.

– Veldig få møblar er like. Det er kjekt å få drive med tradisjonelt handverk – men det er tidkrevjande. Då er det fint å få ta nokre kjappe stolsete innimellom. Enn så lenge trur eg ikkje eg har gjort noko som er likt, seier ho.

Medan ein møbelsnikkar designar, teiknar og bygger møblar, jobbar ein møbeltapetserar meir med restaurering av ytre lag og «innmat».

Det mest utfordrande er å få arbeidet til å vere jamt og hardt nok. Det krev mykje presisjon, og om ho har gjort noko feil, seier Bentzen at det er lurt å ta arbeidet opp att og byrje på nytt, for problemet forflyttar seg gjerne vidare i prosessen.

– Samtidig kan ein bli ståande litt for lenge med ting som eigentleg er bra nok, vedgår ho.

Blir ikkje laga for å vare

I jobben har Bentzen sett tydeleg at det er skilnad på kvaliteten på eldre og nyare møblar. Ein nyare sofa som brukar skumplast treng gjerne omfattande arbeid for å bli god som ny, medan tradisjonelle møblar ofte har mykje stopping som kan brukast om att.

– Som regel treng ein ikkje å bygge opp frå botnen med gamle møblar, dei har god haldbarheit. Oftast blir det pynting eller reparering, og kanskje legg ein på litt ekstra og syr kantar på nytt, seier ho.

Nye møblar er ikkje laga for at dei skal kunne trekkast om. Produsentane ventar at du kjøper nytt i staden.

Med fysisk arbeid er det viktig å passe på helse og tryggleik. Natalie Bentzen brukar difor høyrslevern når ho opererer stiftepistolen. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Det er litt dumt. Men eg trur vi beveger oss i retning av at vi skal reparere litt meir. Då er det behov for møbeltapetserarar – og det er ikkje så mange av oss. Det er i alle fall meir enn nok å gjere i Oslo, slår ho fast.

– I det siste er det veldig mange som har spurt om sofa. Eg trur det har vorte dyrt å kjøpe, så prisskilnaden mellom ny sofa og å trekke om er ikkje like stor som han har vore før, seier Bentzen.

Treng fleire

Bentzen meiner tradisjonelle handverksyrke bør løftast fram. I utdanningsval ser ho meir fokus på teknologi, mastergrad og statusyrke.

– Det var det eg byrja med, fordi alle andre gjorde det. Men alle kan ikkje bli advokatar! Det har ikkje vore så mykje fokus på små handverkarar. Men det vert mindre og mindre av dei, seier ho.

Ukjent for mange

Målet er at Natalie og tvillingsøstera skal ta over møbeltapetseringsverksemda heime i Horten. Då kan utdanninga i marknadsføring komme til gode. Dei fleste som jobbar i faget driv einskildpersonføretak eller har nokre få tilsette.

– Opplever du nokre feiloppfatningar av yrket?

– Eg trur ikkje folk heilt veit kva det inneber. Dei tenker kanskje mest på nyare møblar – og vi gjer det også, sjølvsagt – men utdanninga går på det tradisjonelle handverket. Folk flest anar ikkje korleis eit gamalt møbel er bygd opp. Det gjorde ikkje eg heller før, seier ho.

Bentzen meiner det hadde vore fint om dei tradisjonelle handverksfaga hadde fått ein eigen skule igjen. Ho har vore på samlingar med Museene i Akershus, der ho har treft mange som driv med andre fag. Ho meiner slike møteplassar gjer det lettare å samarbeide med andre.

– Vil du anbefale andre å prøve ut yrket?

– Absolutt. Det er veldig morosamt. Eg føler ikkje at eg er på jobb. Tida går så innmari fort når ein står og jobbar, seier Bentzen.


  • Les også: 

Sondre (23) assosierer ikkje lenger symaskiner med bestemødrer