Ny leiar:

Leiar i Solidaritetsungdom ville invitert Brundtland på curry

Leiaren i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom var med på sin første demonstrasjon som 11-åring.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Hovudkampanjen vår i år er solidarisk flyktningpolitikk, der vi fokuserer på helsehjelp til papirlause migrantar. I tillegg jobbar me mykje med antirasisme og Palestina.

Det skriv leiaren i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Amanda Hylland Spjeldnæs (24), i ein e-post til Framtida.no.

Flyktningleir i Libanon

– Kva er dine hjartesaker?

Amanda Hylland Spjeldnæs

  • Alder: 24
  • Personleg pronomen: Ho/henne
  • Frå: Oslo
  • Yrke/utdanning: Medisinstudent på femte året ved Universitetet i Oslo, og går forskarlinje der eg forskar på antibiotikabruk i ein flyktningleir i Libanon.
  • Favorittfag på skulen: Historie og filosofi.
  • Ulike verv: Har hatt mange ulike verv dei siste åra, mellom anna ungdomsdelegat til Verdas helseforsamling, studentrepresentant i mangfaldsutvalet på Det medisinske fakultet, kursansvarleg i Norsk medisinstudentforening Oslo og koordinator for medisinstudentutveksling til Palestina i NorPal-Sawa.
  • Medlem i: Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom!

 

– Solidarisk flyktningpolitikk, Palestina og antirasisme har vakse særleg mykje i hjartet mitt dei siste åra. Desse sakene er jo kjernen av det me kjem med i Solidaritetsungdom for tida, så det passar meg bra, svarar 24-åringen.

Til dagleg er oslojenta medisinstudent på femte året ved Universitetet i Oslo. Der går ho på ei forskarlinje og forskar på antibiotikabruk i ein flyktningleir i Libanon.

Då Framtida.no snakka med leiaren i Solidaritetsungdom i sommar sat ho andlet til andlet med palestinske og syriske flyktningar i Libanon.

– Dei er menneske. Flotte, fantastiske menneske. Heime snakkar ein om flyktningar som tal og ei byrde. Det er så stor kontrast, sa Hylland Spjeldnæs som reagerte på Unge Høgre-leiar Ola Svenneby si utsegn om innvandringsstopp.

Maria Amelie-saka

Hylland Spjeldnæs tok over vervet som leiar for ungdomsorganisasjonen til Norsk Folkehjelp i mars 2023.

– Solidaritetsungdom er den samfunnspolitiske ungdomsrørsla til Norsk Folkehjelp, så me er ein del av Norsk Folkehjelp og samarbeider med resten av organisasjonen i veldig mykje av det me gjer, men me vedtek òg vår egen politikk og prioriteringar, forklarar leiaren.

Medlemmane i ungdomsorganisasjonen er i alderen 13-30 år. Sjølv har 24-åringen vore med i sju år.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg? 

– Vanskeleg spørsmål, for eg har vore engasjert sidan eg var ganske liten. Pappa tok meg som 11-åring med på min første demonstrasjon, som var eit fakkeltog for Maria Amelie i 2011. Eg hugsar samhaldet mellom oss som stod der og ikkje kjende kvarandre, men var opptatt av same sak. Sidan det har eg lært meir og meir om politikk og tatt på meg fleire og fleire verv.

Draumeoverskrifta

Hylland Spjeldnæs sitt leiarførebilete er tidlegare leiar Ammal Ahmed Haj Mohamed.

– Eg vil vera ein leiar som får fram dei beste sidene i menneska rundt meg, samstundes som eg er positiv og opptatt av at arbeidet er gøy for alle.

OD-leiar Magnhild Beate Orvik føretrekk katt framfor hund, New York over hyttetur og taco over pizza.

Amanda Hylland Spjeldnæs vaks opp med katten Doffen, likar museum og kafear i New York og elskar å prøva nye ting på tacoen. – For nokre dagar sidan prøvde eg fetaost for første gong – kan anbefalast!

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Eit rasismefritt samfunn med mykje mangfald og lite ulikskap. Ein stad å starta er i alle fall å stemma på parti og melda seg inn i organisasjonar som jobbar for desse sakene.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Les i ulike nyheitskanalar, til dømes Aftenposten og Al-Jazeera, i tillegg til at eg snakkar mykje om politikk med vener og familie.

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– I desse dagar er det at åtaka mot sivile i Gaza har stoppa og at Israel sin okkupasjon av Palestina er slutt.

Scones og dårlege tv-seriar

På fritida syng oslojenta 2. alt i Oslo Medisinske Pikekor, blir drege med av kjærasten på kunstmuseum og likar å drikka dobbel espresso og eta scones på nye kafear.

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Dårlege tv-seriar. Eg kan tenkja at eg berre skal sjå starten av ein episode med det første som dukkar opp på Netflix medan eg til dømes lagar mat, og så endar eg med å sjå heile episoden (og kanskje neste òg).

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Gro Harlem Brundtland. Ho er verkeleg imponerande både for det ho har fått til i Noreg og internasjonalt som generaldirektør i Verdas helseorganisasjon. Ikkje for å samanlikna meg sjølv med sjølvaste Brundtland, men eg valde òg å studera medisin ut frå eit sosialpolitisk engasjement. Ville servert ein curry, for det er ein av dei få rettane eg lagar som smakar greitt.


– Kva for ei bok burde alle lesa? 

– Vanskeleg å velja berre éi, men det blir «Budbringeren fra helvete» av Kristina Quintano. Den fortel historiene til menneske som har flykta over Middelhavet. Tankevekkjande, ubehageleg og viktig.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Norsk-ish på NRK. Underhaldande samstundes som han gjev oss mykje å tenkja på rundt det å føla seg annleis.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Crazy av Gnarls Barkley.