AUF reagerer på kraftig kutt i kvoteflyktningar

Regjeringa vil gå ned frå 2000 til 1000 kvoteflyktningar i 2024. AUF ber Noreg innfri FN si tilråding på 5000.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg reagerer på at samtidig som det aldri har vore fleire menneske på flukt, så vel ein å halvera antal kvoteflyktningar, seier AUF-leiar Astrid Hoem i Politisk kvarter torsdag morgon.

AUF-leiaren var først ute i avisa Vårt Land og kritiserte Arbeidarparti/Senterpartiregjeringa for å kutta talet på kvoteflyktningar frå 2000 til 1000 i forslag til neste års statsbudsjett.

Kvoteflyktning (overføringsflyktning)

Ein kvoteflyktning er ein person som er registrert som flyktning i eitt land, for så å bli overført vidare til eit tredje land (som til dømes Noreg).

Det er FNs Høgkommissær for flyktningar som fremmar søknadane for kvoteflyktningane.

Det er UDI (Utlendingsdirektoratet) som bestemmer kven som får kome til Noreg og organiserer reise og bustadkommune.

Kjelde: UDI, IMDi

 

Fleire kriser

Ho viser til den humanitære krisa i Ukraina, men òg at verda står i ei internasjonal flyktningkrise.

– Me veit at krisene no berre kjem og kjem. I Afghanistan har det akkurat vore eit kjempejordskjelv. Det er krig på Gaza-stripa. Det er millionar av menneske som kjem til å bli tvinga på flukt og det er millionar av menneske som er på flukt. Då må Noreg òg ta eit større internasjonalt ansvar for kvoteflyktningar, seier Hoem i sendinga.

AUF-leiaren viser til at FNs høgkommisær sine tilrådingar er at Noreg tek imot 5000, noko Arbeidarpartiet sitt landsmøte har vedteke å leggja stor vekt på. Dette nivået meiner AUF-leiaren at Noreg må leggja seg på.

Òg Sosialistisk Ungdom har uttala at Noreg bør innfri tilrådinga om 5000 kvoteflyktningar.

Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press har kalla regjeringa sitt kutt i kvoteflyktningar ei «grov ansvarsfråskriving».

Ap: – Samanheng med asylinnkomst

Leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap), peikar på at Noreg per oktober 2023 har teke imot 63 000 flyktningar frå Ukraina. Om lag 40 000 av desse var i 2022.

– Om ein ser på åra før den brutale krigen i Ukraina braut ut så tok Noreg i snitt imot 3000 i året. Ser ein i partiprogrammet til Arbeidarpartiet og i Hurdalserklæringa så er politikken til Arbeidarpartiet og Senterpartiet at ein skal sjå nivået på kvoteflyktningar i samanheng med asylinnkomsten, seier ho til Politisk kvarter.

Ho peikar på at Noreg relativt sett har teke imot fleire enn samanliknbare land.

Solidaritetsungdommen: – Uansvarleg

– Eg synest det er kjempebra at Noreg tek imot så mange ukrainarar, men synest ikkje det skal gå på kostnad av kvoteflyktningar. Dei treng ikkje noko mindre opphald sjølv om det kjem ukrainarar.

Det seier leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Amanda Hylland Spjeldnæs.

Ho kallar forslaget frå regjeringa om å halvera talet på kvoteflyktningar for «uansvarleg» og meiner Noreg må ta imot 5000, i tråd med FN sine tilrådingar.

Ho meiner det norske samfunnet er rusta til å ta imot og integrera fleire og at ordninga med kvoteflyktningar er viktig for å hindra at folk legg ut på farlege fluktruter, som båtruta over Middelhavet.

– Me er i ein situasjon i verda der me ser at fleire menneske er på flukt frå krig og konflikt, demokrati vert bytt ut med militærstyre, jordskjelv og naturkatastrofar bidreg òg til å driva fleire på flukt. Me er ei verd som må stå saman og Noreg har eit ansvar for å ta imot fleire flyktningar.

Leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Amanda Hylland Spjeldnæs.  | Pressefoto