Verdsdagen for psykisk helse:

Sosiale medium kan både inkludere og ekskludere

Silje (26) fekk ein halv million visningar på TikTok når ho delte om einsemd. – Kan verke som om alle andre har eit mykje meir vellykka liv enn ein sjølv.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg har alltid synest det har vore vanskeleg å snakke med andre, sleppe nokon inn på meg og la nokon kome for nær.

Det skriv Silje Therese Venøy (26) i ein e-post til Framtida. I ein post på TikTok i august delte ho korleis det var å vere einsom, og å ikkje ha nådd ein del milepæler til “vanleg” tid, som det å få seg kjærast, eller vere ferdig med vidaregåande før du er 20.

Posten fekk over ein halv million visningar, og over 1200 kommentarar.

Foto: Privat

– Responsen har vore veldig overveldande, og nesten utelukkande positiv. Eg har fått mange kommentarar og meldingar både på TikTok og andre stader, frå folk som kjenner seg att i det eg delte. Og mange fine meldingar av folk som støttar meg og heiar på meg, som eg sett utruleg stor pris på!

Verdsdagen for psykisk helse

Å kjenne seg einsam er ei kjensle Venøy ikkje er åleine om.

Anura Sankholkar er kampanjeansvarleg for verdsdagen for psykisk helse.

– Ein av fem i Noreg har ingen å vende seg til når dei har det vanskeleg. Då har vi ein jobb å gjere saman for å gi plass til fleire.

Det skriv Anura Sankholkar, kampanjeleiar for verdsdagen for psykisk helse, til Framtida. 10. oktober er FN sin verdsdag for psykisk helse. Dagen blir brukt for å setje søkelys på kunnskap forståing og openheit om kva som styrker og svekker den psykiske helsa di.

I år har dei fleire deltakarar i kampanjen enn nokon gong, med over 3200 skular, arbeidsplassar, kommunar, organisasjonar og eldsjeler som skal bidra merksemd mot psykisk helse og inkludering. Temaet dei sett fokus på 2023 er #lagplass.

– Årets kampanje oppfordrar til å gjere våre viktigaste møteplasser inkluderende, for å motverke einsemd og utanforskap.

Ein arena som mange vender seg til når dei pratar om psykisk helse er sosiale medium, noko Sankholkar meiner kan ha eit blanda resultat.

– Sosiale medium er i dag blant våre viktigaste sosiale arenaar for å både inkludere og ekskludere, og har stor innverknad på kva vi oppfattar som normalt og ikkje. Det handler både om hva vi deler med hverandre, og korleis vi snakkar til kvarandre.

Tidleg hjelp

Venøy har sjølv erfaringar med fosterheim, psykiske vansker og det å droppe ut av skulen. Då mista ho kontakten med jamnaldrande, som avgrensa moglegheita til å vere sosial og ha nære band med venar.

Silje Venøy

Foto: Privat

– Difor tenker eg at noko av det viktigaste skulen og helsevesenet kan gjere, er å fange opp dei som slit tidlig. Eg trur sjølv at eg hadde hatt ei anna ungdomstid og eit anna liv idag, dersom eg hadde fått den hjelpa eg trengte som barn.

Viktig å dele

I vaksen alder vil ho nå ut til dei som har dei same kjenslene som ho, og det har vore ei positiv oppleving å dele erfaringane sine på sosiale medium.

– Når ein går inn på TikTok, Instagram og andre sosiale medium, kan det verke som om alle andre har eit mykje meir vellykka liv enn ein sjølv.

Ho ser ofte folk som er nær med familien sin, har gode venar, driv med utdanning eller jobb, og har byrja å stifta familie og kjøpt bustad.

– Det å ligge bak «normalen» for din alder, kan difor vere utruleg einsamt. Når eg delte videoen, hadde eg eit ynskje om å skape meir openheit rundt dette.

Og det trur ho at ho lukkast med.

– Ut i frå all responsen eg fekk på videoen, så er det veldig tydeleg kor mange som faktisk har det sånn, og kor viktig det er å snakke om det!