FHI: Det er ikkje høg tidsbruk som er mest urovekkjande med sosiale medium

At ungdommar brukar mykje tid i sosiale medium er ikkje det som er mest problematisk med utviklinga, ifølgje ei undersøking frå Folkehelseinstituttet (FHI).

NPK-NTB
Publisert

Ungdom som oftare føler at andre overvaker dei i sosiale medium for å sjå kva dei gjer, kvar dei er eller kven dei er saman med, har derimot oftare symptom på angst og depresjon enn andre, ifølgje FHI.

Totalt 2000 ungdommar frå ein vidaregåande skule i Bergen er med i studien.

Forskarar fann at dei som hadde symptom på angst og depresjon oftare svarte at dei kjende seg overvelda av sosiale medium, overvaka og skulle ønskje dei lærte meir om korleis bruken påverkar dei. Desse tre utsegnene vurderer forskarane som «kjelde til bekymring».

– Treng ikkje vere problematisk

– Det er altså noko anna enn høg tidsbruk som er problematisk med sosiale medium, seier forskar Turi Reiten Finserås i FHI.

Forskarane vil likevel ikkje konkludere at sosiale medium forårsakar psykiske problem hos nokre ungdommar.

– Psykiske problem kan komme av andre forhold som vi ikkje har undersøkt, seier Finserås.

– Studien vår støttar at tidsbruk ikkje er eit godt mål på problematisk bruk av sosiale medium. Studien viser at det heller kan vere andre aspekt ved bruk som potensielt kan vere problematisk, seier ho.

Snapchat høgt på lista

I Noreg brukar omtrent 90 prosent av alle ungdommar sosiale medium, og 37 prosent seier dei bruker dei meir enn tre timar om dagen, ifølgje FHI.

Dei mest brukte sosiale media blant gutar i studien var YouTube (91 prosent), Snapchat (91 prosent), Instagram (84 prosent) og TikTok (60 prosent).

For jenter var det Snapchat (97 prosent), Instagram (96 prosent), TikTok (81 prosent) og YouTube (78 prosent).