Identitet

«Eg er 26 år gamal, og har aldri følt meg nær eit anna menneske»

Det er ingen fasit på kor langt ein burde ha kome i den og den alderen, skriv Silje Venøy.

Silje Venøy (26)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er 26 år gamal, og har aldri:

Hatt ein venegjeng eller veldig nære venar.

Vore på fest eller vore full.

Vore i eit forhold.

Følt meg nær eit anna menneske, klart å slappe av og føle meg trygg saman med andre.

Eg fullførte vidaregåande skule i fjor, seks år etter dei fleste andre på min alder. Eg har aldri hatt ein jobb.

Eg ligg på mange måtar etter dei andre på min alder, noko eg har skamma meg veldig over. Det er kjipt å bla gjennom sosiale medium og sjå andre på min alder fullføre studium, få seg jobb, ha venar og familie rundt seg, kjøpe seg leilegheit, ha sambuar, få barn, og så vidare.

Men eg prøver å lære meg å godta det. Godta at eg treng og har trengt ekstra tid, og at det er forståeleg ut frå min barndom og korleis eg har det og har hatt det.

Silje Venøy
Foto: Privat

Så til alle dykk andre som føler at de «ligg etter» dei andre på din alder (uansett kva grunnen til det er): Det går fint!

Det er ingen fasit på kor langt ein burde ha kome i den og den alderen, og du har framleis masse tid til å nå dit du ønsker å nå. Ta det i ditt tempo!

Det vil ordne seg.