Statsbudsjettet:

Regjeringa vil auka studiestøtta med 5200 kroner – ikkje nok, meiner NSO

Regjeringa føreslår å auka studiestøtta med 3,8 prosent frå 2024/2025. – Studentar fell endå lenger bakpå, seier Norsk studentorganisasjon.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sitt forslag til statsbudsjett for 2024 legg regjeringa opp til å auka studiestøtta med 3,8 prosent. Dette er det same som dei forventar at prisveksten vil vera.

Det betyr at norske studentar vil få 5200 kroner meir i året i lån og stipend frå Lånekassen, eller 472 kroner i månaden.

Skuffa studentar

Norsk studentorganisasjon er skuffa over at Arbeidarpartiet og Senterpartiet ikkje har auka studiestøtta meir.

– Prisane galopperer av garde og me kjenner det på lommeboka. Den snaue justeringa av studiestøtta gjer at me studentar fell endå lenger bakpå når mat- og leigeprisane har hatt ei drastisk vekst, seier NSO-leiar Oline Sæther i ei pressemelding.

Ho peikar på at statsminister Jonas Gahr Støre i august uttala at regjeringa ville styrka velferda til dei som treng det mest og spesifikt nemnde studentar.

– Desse lovnadane finn me ikkje igjen i budsjettet, understrekar Sæther i pressemeldinga.

I fjor vart regjeringa einige med SV om å auka studiestøtta med 7 prosent. Studentane fekk 9022 kroner meir i året, noko som er det største løftet på 15 år.

For studieåret 2023–2024 er studiestøtta for ein vanleg fulltidsstudent på 137 907 kroner.

Norsk studentorganisasjon sitt krav er å auke studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda. I dag betyr det ein studiestøtte på 177 930 kroner.

Fryktar auka forskjellar

Òg arbeidstakarorganisasjonen Akademikerne er uroa for studentane sin økonomiske situasjon.

Leiar Lise Lyngsnes Randeberg meiner dagens studiestøtte ikkje strekker til

– Me veit at mange studentar slit med å få endane til å møtast. Ei skarve prisjustering neste år monnar ikkje, seier Randeberg i ei pressemelding.

Dei støttar NSO sitt krav om å auka støtta til 1,5 G.

– Om ein vel å studera eller ikkje er i stadig større grad eit spørsmål om ein har råd eller ikkje. Regjeringa er med på å auke forskjellane i samfunnet om dei ikkje syter for ei studiestøtte som strekk til.

Frir til SV

Tidlegare i veka uttalte professor i økonomi Jo Thori Lind at regjeringa truleg kom til å halde att i SV sine hjartesaker, sidan det er partiet dei truleg kjem til å forhandla med.

– Det er klassisk at ein kappar nokre hjartesaker for den kommande budsjettpartnaren, som ein reknar med vil komme inn igjen i forhandlingane, sa han til Nynorsk pressekontor.

Sæther oppmodar SV til å kjempa for auka studiestøtte.

– Me håpar SV i forhandlingar med regjeringspartia blir einige om ei framleis offensiv satsing på oss studentar, slik at me får høve til å bruka tida på lesesalen heller enn ved kassaapparatet, seier ho i pressemeldinga.