Norske barn og unge har mange miljøgifter i kroppen

Norske barn og unge har høgare nivå av fleire miljøgifter i kroppen enn det som blir rekna som trygt, viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Undersøkinga frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at omtrent alle dei 669 barna og ungdommane som deltok – 99,6 prosent – har ein så stor del av miljøgifta Bisfenol A (BPA) i seg at det ikkje blir rekna som trygt.

Nesten ein tredel av barna – 26,6 prosent – hadde eit så stort nivå av per- og polyfluoralkyl-stoff (PFAS) at det ikkje blir rekna som trygt.

BPA finst mellom anna i emballasje for mat og drikke, kosmetikk og medisinsk utstyr, medan PFAS er ei stor gruppe fluorerte stoff. Dei er vass-, flekk- og feittavvisande og blir brukt «overalt», ifølgje FHI.

– Tala frå undersøkinga viser at det er behov for å innføre tiltak på samfunnsnivå for å redusere eksponeringa for BPA og PFAS i befolkninga, seier Line Småstuen Haug, leiar for Miljøbiobanken og seniorforskar ved FHI.