Første titt på Squid Game-realityprogrammet er her

Heldigvis blir ingen drepne i realityversjonen av den populære Netflix-serien.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

I 2021 vart den koreanske serien Squid Game ein stor suksess hjå Netflix. Strøymetenesta er i gang med å spele inn ein sesong to, men før den tid kan vi sjå ekte menneske prøve seg i eit realityprogram basert på serien.

Netflix har sleppt den første traileren til realityserien Squid Game: The Challenge, som har internasjonal premiere 22. november.

Ikkje liv og død

Squid Game er ein koreansk serie der 456 personar set livet på spel for å vinne ein stor pengepremie. I serien blir deltakarane eliminert på ekte, altså drepne, når dei ryk ut av konkurransen.

Det slepp heldigvis dei 456 deltakarane i realityversjonen unna. Som i originalserien skal deltakarar frå heile verda prøve seg på utfordringar like dei i serien, og dessutan nokre nye.

Sjølv om det ikkje er med livet som innsats, er det mykje som står på spel. Ein heldig vinnar får nemleg med seg premiepotten på 4,56 millionar dollar. Det svarar til nesten 50 millionar kroner.

Netflix opplyser at det er den største premien i reality-TV-historia, ifølgje Variety.

– Gjennom ein serie konkurransar vil kvar deltakar bli testa til yttergrensene sine og tvungen til å spørje seg sjølv kor langt ein er villig til å gå for å vinne, med opportunistiske alliansar, grufulle strategiar og svik, skriv Netflix vidare om innhaldet i serien.

Mange personar i grøne joggedressar speler "Ein, to, tre, raudt lys"

Frå «Squid Games: The Challenge». Foto: Netflix

Problematisk innspeling

Det har likevel ikkje berre vore fryd og gammen under innspelinga av Squid Game: The Challenge. Det har blitt rapportert om problem under innspelinga på starten av året. Deltakarar skal ha blitt skadde på grunn av kuldegradar på settet i ein flyhangar. Det har òg kome påstandar om at serien er rigga, skriv Gizmodo.

Produksjonsselskapa Studio Lambert og The Garden svarte ifølgje Variety at dei er svært opptekne av helsa og tryggleiken til deltakarane og produksjonen og at påstandane om fiksing er usanne.