Harry Potter-serie blir utsett til 2027

Premieren på ein ny Harry Potter-serie er utsett med eitt år, skriv Variety.

NPK-NTB
Publisert
Oppdatert 16.12.2024 10:12

På eit pressemøte denne veka opplyste sjefen for Warner Bros. Discoverys globale strøyming J.B. Perrette, at strøymeserien ligg an til å bli vist frå 2027 – og ikkje i 2026, som opphavleg opplyst.

– Då byrjar ei ti år lang reise med «Harry Potter»-serien, som vi er svært spent på. Eg vil påstå at dette kan bli den største hendinga når vi kjem dit, sa Perrette ifølgje Variety.

Serien er ei storsatsing frå HBOs side, og det blir ein sesong per bok. J.K. Rowling skreiv sju bøker, ei for kvart av skuleåra på Galtvort høgare skule for hekseri og trolldom, der Harry vart elev som 11-åring.

I september byrja filmstudioet med såkalla opne auditions for å finne barneskodespelarar som kan spele Harry Potter og vennene Hermine Grang og Ronny Wiltersen. Førebels er ingen namn røpte.

Ralph Fiennes, som spelte den vonde Voldemort i originalfilmane frå 2001 til 2011, uttalte nyleg at han gjerne ser irske Cillian Murphy i den gamle rolla si.

Forfattaren J.K. Rowling er involvert i prosjektet og har vore med i diskusjonane om manusforfattar og regissør. Hovudforfattar blir Francesca Gardner, som stod for manuset til «Succession», medan også regissør Mark Mylod («Succession», «Game of Thrones») er om bord for å ta hand om fleire episodar.

Dei sju bøkene har selt meir enn 600 millionar eksemplar verda over, medan filmane har spelt inn til saman 7,7 milliardar dollar.