Skular i New York forbyr Squid Game-kostyme

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I forkant av Halloween har søk etter Squid Game costume auka med elleville 50 000 prosent, og sannsynet er stort for at det er årets mest populære kostyme.

Men om barneskuleelevar frå New York hadde planlagt å kle seg ut som karakterar frå Netflix-serien, så lyt dei gå i tenkeboksen att.

Eitt skuledistrikt, beståande av tre skular, har nemleg lagt ned forbod mot Squid Game-kostyme, melder lokalkontoret til CBS. Det same skal ein skule i Irland og ein i Spania ha gjort.

For valdeleg bodskap

Squid Game har teke verda med storm, og sidan Netflix-debuten har heile 130 millionar menneske trykt play på den sørkoreanske serien. I kjølvatnet av suksessen auka salet av kvite slip-on Vans med enorme 7800 prosent.

I serien konkurrerer 456 menneske i barneleikar med livet som innsats, og det skortar ikkje på vald og dødeleg utfall.

Skuledistriktet Fayetteville-Manlius seier Squid Game-kostyme ikkje samsvarar med deira reglar, grunna den potensielt valdelege bodskapen knytt til antrekket.

Foto: Noh Juhan | Netflix

Barn får med seg serien

I Sør-Korea har serien fått 19-års aldersgrense, men i Noreg er grensa sett til 16 år. Likevel får langt yngre barn med seg Netflix-suksessen.

I byrjinga av oktober sa lærar Ole Petter Rettedal til NRK at halvparten av 6. klassingane han underviser har sett Squid Game. Den ideelle stiftinga Barnevakten, som gjev råd om born, unge og medium, rår foreldre frå å late borna sine sjå serien – noko dei sjeldan plar gjere.

Om ikkje borna har sett Squid Game på Netflix, så får mange med seg serien gjennom TikTok, Instagram eller via mobilspel, ifølgje NRK.


Bakgrunnsfoto: Colourbox. Alle andre illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen