Gullskatt frå 500-talet funnen med metallsøkjar i Stavanger:

– Hundreårets gullfunn i Noreg

Ikkje sidan 1800-talet er det gjort liknande funn i Noreg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Dette er hundreårets gullfunn i Noreg. Å finne så mykje gull samtidig er ekstremt uvanleg, seier direktør Ole Madsen ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.

52 år gamle Erlend Bore frå Sola kjøpte metallsøkjar før sommaren for å gå på skattejakt. Tanken var å skaffe seg ein ny hobby som fekk han opp av sofaen, forklarer han.

– Eg leita først rundt i fjæra, men fann berre skrot og ein tiøring. Så valde eg å gå litt høgare opp i terrenget, og då peip det i metalldetektoren med det same, seier Bore.

– Eg trudde først eg hadde funne sjokoladepengar eller Kaptein Sabeltann-myntar. Det var heilt uverkeleg, seier han.

Mann gliser og viser fram gullmyntar. På bordet ligg ein metalldetektor.

Ein storfornøgd Erlend Bore, som etter å ha funne ein tiøring og ein brusboks, nærmast ramla over ein av dei største gullskattane som er funne dei siste 100 år.

Gøymde verdisaker eller offer til gudane?

Funnet består av ni myntliknande gullanheng med sjeldne hestesymbol, i tillegg til ti gullperler og tre ringar av gull.

Dei stammar frå folkevandringstida, tidleg i mellomalderen då det skjedde massive folkeflyttingar i Europa. I Noreg er denne perioden datert til mellom 400 og siste halvdel av 500-talet.

Ein av dei ni gullanhenga som blei funne på Rennesøy.

Gullet liknar på gullmyntar, men blir kalla brakteatar. Dei vart ikkje brukte til betaling, men var berre pynt, ifølgje førsteamanuensis Håkon Reiersen ved Arkeologisk museum.

– Dei ni brakteatane og gullperlene har danna eit svært prangande halssmykke. Smykket vart laga av dyktige gullsmedar og vart bore av dei mektigaste i samfunnet. Det er svært sjeldan at ein finn så mange brakteatar samla. I Noreg er det ikkje gjort tilsvarande funn sidan 1800-talet, og det er også eit svært uvanleg funn i skandinavisk samanheng, seier han.

Han seier at gullet truleg anten vart grave ned av nokon som ville gøyme verdisakene sine, eller at det også kan ha vore offer til gudane.

– Vanskeleg å beskrive begeistringa

Alle gjenstandar som er frå før år 1537, og myntar eldre enn år 1650, blir rekna som eigedommen til staten og er innleveringspliktige.

52-åringen som fann gullet, markerte funnstaden og søkte ikkje vidare. Han tok kontakt med fylkeskommunen, som igjen fekk informert Arkeologisk museum.

– Dette gjorde at vi kort tid etter kunne dra tilbake til funnstaden for å gjere vidare undersøkingar, seier Marianne Enoksen, som er seksjonssjef for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.

– Dette er eit heilt unikt funn. Ingen av arkeologane i Rogaland fylkeskommune har opplevd noko liknande, og det er vanskeleg å beskrive begeistringa då vi fekk sjå desse, seier Enoksen.

Krukke i gull
Ei av dei ti perlene som blei funne på Rennesøy av metalldetektorist Erlend Bore. | Foto: Annette Græsli Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS / NTB / NPK
Gullkjede med anheng
Slik såg gullanhenget ut. Rekonstruksjonen er laga av arkeolog Theo Eli Gil Bell. | Foto: Theo Eli Gil Bell, Arkeologisk museum, UiS / NTB / NPK
Gullring i spiral
Ein av dei tre ringane som blei funne på Rennesøy. | Foto: Annette Græsli Øvrelid, Arkeologisk museum, UiS / NTB / NPK
Kvinne med plasthankar studerer gull
Konservator Hege Hollund ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger kikkar på gullfunnet. | Foto: Anniken Celine Berger, Arkeologisk museum, UiS / NTB / NPK
Skitne gullmyntar
Gullfunnet blei levert hos Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger dagen etter at det blei funne. | Foto: Anniken Celine Berger, Arkeologisk museum, UiS / NTB / NPK
Arkeologar frå Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger og Rogaland fylkeskommune sikrar funnstaden. | Foto: Grethe Moéll Pedersen, Arkeologisk museum, UiS / NTB / NPK
Professor Sigmund Oehrl ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger ser på gullfunnet idet det ble levert på museet. | Foto: Anniken Celine Berger, Arkeologisk museum, UiS / NTB / NPK

Finnarlønn

Funnet vart gjort på privat grunn med løyve frå grunneigaren.

Kulturminnelova opnar for at den som finn kulturminne, kan få finnarlønn. Denne skal då delast likt mellom grunneigar og finnaren. Det er Riksantikvaren som fastset finnarlønn, og denne vurderinga er enno ikkje gjort i denne saka, ifølgje Arkeologisk museum.

Når det er snakk om gull, skal finnarlønna minst setjast til metallverdien etter vekt, med eit tillegg som ikkje må vere under 10 prosent av metallverdien.

I 2016 vart det funne 400 gram gull på eit jorde i Skaun i Trøndelag ved hjelp av metallsøkjar. Gullet var frå romartida – 1700 år gammalt. Finnaren vart påskjønt med 155 000 kroner, den største finnarlønna på 40 år, ifølgje NRK.