Ny Stonehenge-oppdaging

I lang har det tid har vore grunn til å tru at den såkalla «altarsteinen» i Stonehenge stamma frå Wales, men ny forsking viser at han truleg kom frå Skottland.

NPK-NTB
Publisert

I ein rapport publisert i tidsskriftet Nature har forskarar konkludert med at den seks tonn tunge steinen har opphav i den nordlege delen av Skottland.

Forskarane meiner dermed at steinen truleg har vorte frakta over 700 kilometer til Stonehenge-plassen heilt sør i England.

– Det bles sokkane av oss då vi oppdaga at han kom frå nordaust i Skottland, seier professor Nick Pearce ved universitetet i Aberystwyth i Wales, ein av forskarane bak rapporten, til BBC.

– Det var eit sjokk, for å seie det mildt. At steinen har komme frå ein stad over 700 kilometer unna, det er utruleg, legg han til.

Forskarane meiner at det nylege funnet indikerer at bygginga av Stonehenge kravde langt meir samarbeid og planlegging og var meir omfattande enn det ein tidlegare har gått ut frå.

Dei involverte forskarane analyserte delar av den såkalla «altarsteinen» og fann liknande eigenskapar i steinar nordaust i Skottland.

– Det geologiske fingeravtrykket finst ikkje i nokon andre område i heile Storbritannia, seier Pearce.