Odin nemnt på eldgamle myntar – norrøn mytologi 150 år eldre enn anteke

Norske og danske forskarar har funne guden Odins namn på ein gullmynt frå byrjinga av 400-talet. Norrøn mytologi må dermed daterast 150 år tidlegare enn før.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest dette er megakjekt! Med dette funnet kjem vi ganske langt vidare i den vitskaplege tolkinga frå denne perioden.

– Vi har ikkje mykje informasjon frå før om denne tida, men no har vi nytt språkstoff og nye ord som ikkje tidlegare er registrert. Det gir ny innsikt i religionsutøving og -praksis for denne perioden, seier språkforskar Krister Vasshus frå Stavanger til NTB.

Han har jobba med å tyde og tolke det oppsiktsvekkjande funnet, som stammar frå gullskatten Vindelevfunnet, oppdaga for halvtanna år sidan på Jylland i Danmark. Skatten inneheld om lag ein kilo oldtidssmykke og myntar som truleg vart gravne ned i jernalderen, for 1500 år sidan, men inneheld langt eldre gjenstandar, inkludert myntar datert til tidleg 400-tal.

Diverse gullgjenstandar, som myntar og armeband

Nokre av gjenstandane som er funne har motiv og runeinskripsjonar som viser til både dei som styrte på den tida, men òg norrøn mytologi. Foto: Conservation Center Vejle

«Han er Odins mann»

På ein gullmynt med eit portrett av det som kan vere ein konge eller stormann, står inskripsjonen «Han er Odins mann».

Det betyr at gudane frå nordisk mytologi allereie var kjende på byrjinga 400-talet, som er 150 år før tidlegare anteke.

Før dette var den eldste innskrifta med Odins namn funne på ei draktspenne frå siste halvdel av 500-talet frå Nordendorf sør i Tyskland.

Ekstatisk

– Vi har funne beviset svart på kvitt, og det er ei kjempeoppdaging. Eg kan ikkje få armane ned i rein ekstase. Denne typen innskrift er svært sjeldan, vi finn kanskje eit kvart 50. år. Denne gongen har det vist seg å vere verdshistorie, seier Vasshus, som har spesialisert seg på eldre, skandinavisk språkhistorie.

Spesialisten på eldre, skandinavisk språkhistorie jobbar ved Sagnlandet Lejre i Danmark, eit forskingssenter og familiepark som spreier kunnskap om fortida.

Forskarane held kvar sin gullmynt i handa, framføre eit mikroskop. Dei har på turkise plasthanskar.

Forskarane Krister Vasshus og Lisbeth Imer med brakteatar funne i Vindelev i Danmark. Imer held mynten som har skrifta «Han er Odins mann». Foto: John Fhær Engedal Nissen, The National Museum of Denmark via AP

Mynten er ein såkalla brakteat, som er ein mynt med preg og skrift på berre éi side. Inskripsjonane har vore vanskelege å tolke, både grunna slitasje, og at dei er på eit språk som har utvikla seg svært mykje gjennom hundreåra. Runene er dessutan berre 2–3 millimeter høge.

Runeinnskrifta har vore den vanskelegaste å tolke i dei 20 åra mine som runolog på Nationalmuseet, men oppdaginga er også heilt fantastisk. Det er første gong i verdshistoria at Odins namn er nemnd, seier språkforskar Lisbeth Imer.

Ho meiner runene kan bli ein nøkkel til å forstå andre forhistoriske runeinnskrifter.

Gir ny meining

Med ei lita biletflate til rådvelde har brakteatar som regel enkle motiv. Det kan vere eit kongehovud, krone, kongemonogram eller kors. I heile Nord-Europa er det funne meir enn 200 brakteatar med innskrifter. Langt dei fleste runeinnskrifter på brakteatar gir likevel ikkje språkleg meining.

Nærbilete av gullmynt med motiv av ein person og runer.

Frå den arkeologiske utgravinga i Vindelev. Foto: Conservation Center Vejle

Dei består for det meste av korte, heilage ord, eller dei er forvrengde kopiar av ei innskrift som ein gong har gitt meining, men som er gått tapt etter gjenteken kopiering.

«Tvillingar»

Brakteatane på Vindelevfunnet er til dels tjukkare myntar med skarpare innskrift. Ein av dei har vist seg å ha ein «tvilling», funnen i 1852, men med langt meir utydeleg preg enn den som no er oppdaga. Dermed har ein kunna forstå kva som står på dette tidlegare funnet.

Ein tredje brakteat har også vist seg å ha ein «tvilling» frå Fyn, funnen i 1689. Ein har tidlegare gjetta seg til kva som stod på Fyn-mynten, men no som ein har ein skarpare, tydelegare versjon, kan Imer og Vasshus korrigere dette.


Arkeologar har funne ein ny sfinksstatue i Qena i Egypt. Foto: Egyptian Ministry of Tourism and Antiquities via AP