Fann spelebrikke frå vikingtida

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Arkeolog Dag-Øyvind Engtrø Solem stod djupt ned i gjørma då han oppdaga brikka. Skjult i dekoren dukka det opp eit namn i runer.

– Så vidt eg veit er det tre-fire andre spelebrikker med namn på som er funne i Noreg, seier Engtrø Solem til NRK.

På brikka er det rissa inn «siggsifr».

– Sig er kjent i både manne- og damenamn, som Sigrid og Sigvart, forklarer Engtrø Solem. Men det kan også bety siger eller krig.

Ifølgje Engtrø Solem var det mest sannsynleg ein handelsmann, litt høgt på strå, som bar med seg spelebrikka.

Arkeologen fortel at dei har gode dateringar på brikka. Den er frå ca. 1000-1150 e.Kr. No skal ho overleverast til NTNU Vitenskapsmuseet saman med dei andre funna frå utgravinga.


Gullmynt med eit andlet og runeinskripsjon

Inskripsjonen «Han er Odins mann» står i ein halvsirkel over hovudet på mynten.
Foto: National Museum of Denmark