To offer til funne i Pompeii – nesten 2000 år etter vulkanutbrotet

Arkeologar har funne leivningane av to menneske til som omkom då vulkanen Vesuv gravla byen for snart 2000 år sidan.

NPK-NTB-Reuters
Publisert
Oppdatert 16.08.2024 10:08

Skjeletta av ei kvinne og ein mann vart nyleg funne i eit lite soverom i eit hus som var under ombygging då utbrotet ramma, ifølgje ei fråsegn frå arkeologane som arbeider med Pompeii-utgravingane.

Leivningane til kvinna vart funne på ei seng, og rundt henne låg det myntar av gull, sølv og bronse og dessutan gullsmykke og øyreringar med perler. Leivningane til mannen låg ved foten av senga.

Pompeii var ein livleg by i det dåverande Romarriket, men vart gravlagd i eit stort vulkanutbrot i år 79 etter vår tidsrekning. Tusenvis av menneske mista livet. Men på grunn av det massive laget med oske, vart byen svært godt bevart. Først i 1748 vart byen oppdaga på nytt.

Dei to offera som no er funne, hadde valt å søkje tilflukt i eit lite rom. Der venta dei på at utbrotet skulle ta slutt, men steinar blokkerte døra og hindra dei i å ta seg ut. Dei vart til slutt gravlagde under ein straum av flytande lava og anna varmt materiale frå vulkanen, ifølgje uttalen måndag.

– Moglegheita til å analysere dei uvurderlege antropologiske opplysningane om dei to offera gjer det mogleg for oss å samle inn ei stor mengd data om dagleglivet i Pompeii, seier direktør Gabriel Zuchtriegel.

Arkeologane fann kvinna på ei seng. | Foto: Parco Acheologico di Pompei